Set ny rekord i skogvern

I 2017 blir meir skog verna enn nokon gong tidlegare. Totalt er det i år verna 114 skogområde på 213 kvadratkilometer produktiv skog. Regjeringa har i dag verna ytterlegare 49 nye skogområde i ti fylke.

-Aldri er det blitt verna meir skog enn i 2017. Regjeringa og støttepartiane har meir enn dobla satsinga på skogvern. Årets bevilging til skogvern på 442 millionar kroner er den høgste nokon gong, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Tek vare på naturmangfald

- Det rekordstore skogvernet i år er eit skritt på vegen mot at me har verna ti prosent av skogen. Det vil vere med på å ta vare på mange trua artar og naturtypar, seier Vidar Helgesen.

Skogvern bidreg til å oppnå desse måla for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bli verna for kommande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal bli betre.

Frivillig skogvern

Med dette siste vedtaket blir det verna 110 kvadratkilometer skog, der 64 kvadratkilometer er produktiv skog. Områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt tre område som er eigd av Statskog og Miljødirektoratet.

-I år er heile 91 av områda verna frivillig av private skogeigarar. Samarbeidet om frivillig skogvern er blitt ein bærebjelke i arbeidet for å sikre mangfaldet i norsk natur, seier Vidar Helgesen. 

Til no er rundt 440 område blitt verna i arbeidet med frivillig skogvern. Interessen for frivillig skogvern er stor, og mange områder er det planar om ytterlegare skogvern dei kommande åra.

Til no er 3,2 prosent av den produktive skogen i landet blitt verna, og noko over fire prosent av det samla skogarealet.

Lav på tre
Svært rik forekomst av den sterkt truede lavarten huldrestry i Budeiberget naturreservat, Nordre Land kommune. Foto: Geir Høitomt

Desse 49 områda er no verna:

  1. Strandaliane naturreservat i Suldal kommune, Rogaland fylke
  2. Svingervann naturreservat (utviding) i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
  3. Vassvann naturreservat i Kristiansand kommune, Vest-Agder fylke
  4. Heddeviksfjell naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke
  5. Kviteflogi naturreservat i Bygland kommune, Aust-Agder fylke
  6. Rosstøl naturreservat i Tvedestrand kommune, Aust-Agder fylke
  7. Åslandsøya og Kjeøya naturreservat i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
  8. Hækjenkleiv naturreservat i Åmli kommne, Aust-Agder fylke
  9. Reismyr naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
  10. Vardeheia naturreservat (utviding) i Åmli kommune, Aust-Agder fylke
  11. Bjørnstadfjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
  12. Fossbufjellet naturreservat i Gjerstad kommune, Aust-Agder fylke
  13. Langåsen naturreservat i Flesberg og Rollag kommuner, Buskerud fylke
  14. Surtebergflaget naturreservat i Krødsherad kommune, Buskerud fylke
  15. Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat (utviding) i Sigdal, Rollag og Nore og Uvdal kommuner, Buskerud fylke
  16. Veikulåsen naturreservat (utviding) i Gol kommune, Buskerud fylke
  17. Juvsåsen naturreservat (utviding i Sigdal kommune, Buskerud fylke
  18. Presteseter naturreservat (utviding) i Hof og Sande kommunar, Vestfold fylke
  19. Brånakollane naturreservat (utviding) i Larvik kommune, Vestfold fylke
  20. Fjærevardåsen naturreservat i Larvik kommune, Vestfold fylke
  21. Vestfjella naturreservat (utviding) i Halden kommune, Østfold fylke
  22. Svantjern naturreservat i Halden kommune, Østfold fylke
  23. Styggdalen naturreservat i Nannestad og Lunner kommuner, Akershus og Oppland fylker
  24. Skotjernfjellet og Snellingsrøysene naturreservat (utviding) i Nannestad og Lunner kommuner, Oppland og Akershus fylker
  25. Rud naturreservat i Enebakk kommune, Akershus fylke
  26. Ertsrudberget naturreservat i Nes og Sør-Odal kommuner, Hedmark og Akershus fylker
  27. Skandøla naturreservat i Hurdal kommune, Akershus fylke
  28. Svendstuøyene naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Hedmark fylke
  29. Juvberget naturreservat (utviding) i Åsnes kommune, Hedmark fylke
  30. Skavdalen naturreservat i Inderøy kommune, Nord-Trøndelag fylke
  31. Kammen og Kalddalen naturreservat i Leksvik og Inderøy kommunar, Nord-Trøndelag fylke
  32. Altskardet naturreservat i Namdalseid kommune, Nord-Trøndelag fylke
  33. Ferjlia naturreservat i Verran kommune, Nord-Trøndelag fylke
  34. Olsengelva naturreservat i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke
  35. Storengvatna naturreservat i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag fylke
  36. Kolåsen naturreservat i Snåsa kommune, Nord-Trøndelag fylke
  37. Folldalen naturreservat i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke
  38. Lødding naturreservat (utviding) i Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylke
  39. Mjøsund naturreservat (utviding)i Nærøy kommune, Nord-Trøndelag fylke
  40. Råbesdalen naturreservat (utviding) i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag fylke
  41. Almdalen-Ekorndalen naturreservat (utviding) i Namsos og Overhalla kommuner, Nord-Trøndelag fylke
  42. Høvringslia naturreservat i Sel kommune, Oppland fylke
  43. Solbrålia og Stordalsberget      naturreservat (utviding) i Nord-Fron kommune, Oppland fylke
  44. Bjønnhaugen naturreservat i Gjøvik og Nordre Land kommunar, Oppland fylke
  45. Kalvberget naturreservat i  Østre Toten kommune, Oppland fylke
  46. Breie naturreservat i Etnedal og Nord-Aurdal kommunar, Oppland      fylke
  47. Dokka naturreservat (utviding) i Nordre Land kommune, Oppland fylke
  48. Budeiberget naturreservat i Nordre Land kommune, Oppland fylke
  49. Jøvika og Tønnerud naturreservat i Gran kommune, Oppland fylke

Områda Bjørnstadfjellet og Fossbufjellet er eigd av Statskog SF. I tillegg eiger Statskog SF delar av dei to områda Skavdalen og Kammen og Kalddalen. Miljødirektoratet eiger areal i Almdalen-Ekorndalen. Øvrig areal inngår i ordninga med frivillig vern av privateigd skog.

Forskrifter for vedtaket (pdf)

Oversiktskart (lenkje)

Miljødirektoratets nettsak (lenkje)

 

Gammel barskog
Gammel barskog i Kviteflogi naturreservat, Bygland kommune Foto: Pål Kleivan, Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
Til toppen