Siv Jensen opna Skatteklagenemnda

Den nye Skatteklagenemnda blei i dag opna av finansminister Siv Jensen (FrP). Nemnda skal styrkje rettstryggleiken til skattebetalarane og sikre meir effektiv behandling av saker.

– Den nye Skatteklagenemnda er ein del av regjeringa sitt arbeid med å styrkje rettstryggleiken for skattebetalarane. Det er gledeleg å sjå at nemnda no er på plass, seier finansminister Siv Jensen.

Skatteklagenemnda skal behandle klager på skatt og meirverdiavgift. Nemnda er uavhengig og dekker heile landet.

I tillegg til å styrkje rettsstryggleiken skal den nye klagenemnda sikre ei effektiv behandling av klagesakene.

– Det er viktig at klagebehandlinga ikkje tek for lang tid, og at klaga blir behandla av ei kompetent og uavhengig nemnd, seier finansministeren.

Skatteklagenemnda erstattar den tidlegare ordninga med fem regionale nemnder og eigne spesialnemnder for utanlandssaker, storbedrifter og meirverdiavgift.

Skatteklagenemnda har sitt eige sekretariat som vil førebu sakene for nemnda. Sekretariatet vil sikre at klagesakene blir vurderte av nye saksbehandlarar som har distanse til tidlegare avgjerder. Det er lovfesta at Skatteklagenemnda og sekretariatet ikkje skal kunne instruerast i faglege spørsmål.

Nemnda sin kompetanse er også styrkja. Alle nemndsmedlemene må ha utdanning og arbeidserfaring som jurist, økonom eller revisor.

 

Frå venstre: Finansminister Siv Jensen, direktør for sekretariatet Øyvind Eskeland, skattedirektør Hans Christian Holte og leiar av nemnda, advokat Gudrun Bugge Andvord.