Vegdirektoratet har no sendt på høyring eit forslag som skal opne opp for å tillate bilskilt med amerikansk størrelse. Dette gjeld altså skilt med størrelsen 30,38 x 15,36 cm. Bokstavar og tal skal plasserast på to rader.

Bileigarane må bestille skilta frå bilskiltprodusenten som erstatningsskilt. Dette gjeld både ved førstegangsregistrering i Noreg og ved bytte frå anna bilskilt.

I høyringa foreslår Vegdirektoratet å gjere fleire ting enklare for dei som treng små bilskilt eller bilskilt med amerikansk størrelse. Blant anna at bilskilta kan sendast i posten, slik at eigaren slepper å møte opp på trafikkstasjonen. Dei foreslår òg å gå bort frå kravet om at bilen fysisk må visast fram på trafikkstasjonen for å bekrefte at den trenger å bruke andre bilskilt enn dei vanlege. I staden skal bildedokumentasjon vere godt nok.

Høyringsfristen er 22. november. Endringane i regelverket skal etter planen innførast neste vår.

Les heile forslaget frå Vegdirektoratet.

- Vi ønsker òg å gi moglegheit for å lage personlege bilskilt til dei bilskilta som har amerikansk størrelse, og håper å få sendt ut ei høyring neste år, seier samferdselsministeren.