Historisk arkiv

Sotra Link skal bygge Sotrasambandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Folk har venta lenge på ny bru til Sotra. I dag er dei eitt steg nærare. Valet av Sotra Link som vinnar av kontrakten til å bygge ut Sotrasambandet er viktig for den vidare framdrifta. Eg er glad for den jobben Statens vegvesen har gjort for å lande dette, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Tilboda frå leverandørane har vist at bygginga blir dyrare enn forventa. Statens vegvesen har jobba tett saman med leverandørane for å kutte kostnadar og finne gode løysingar for prosjektet. Sotra Link har etter denne prosessen levert det beste tilbodet.

Det endelege tilbodet frå leverandøren er på 19,8 milliardar kroner for OPS-delen. Den totale ramma for prosjektet no vere på 23,1 milliard kroner, inkludert mellom anna arbeida til Statens vegvesen. Dette er 3,6 milliardar kroner over den allereie vedtekne ramma for prosjektet.

- Eg har tro på at dette blir eit godt prosjekt. No har både Statens vegvesen og entreprenøren jobba godt med prosjektet. Det kjem til nytte når bygginga startar. Eg kjem til å foreslå auka rammer for prosjektet i samband med statsbudsjettet for 2022. Eg reknar med at Stortinget er einige med oss om at Sotrasambandet må byggast, og stemmer for dei auka rammene, seier Hareide.

Sotrasambandet skal byggast som eit offentleg-privat samarbeid (OPS-prosjekt). Det betyr at eitt selskap skal bygge, finansiere og ha ansvar for drift og vedlikehald av Sotrasambandet i inntil 25 år.

For meir informasjon, sjå pressemelding frå Statens vegvesen.