Historisk arkiv

Statens vegvesen skal jobbe vidare med tidleg involvering av entreprenør i to prosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen skal jobbe vidare med å sjå på korleis dei kan involvere entreprenørar tidleg i to vegprosjekt: E39 Hordfast og E6 Fauske – Mørsvikbotn. Målet er å kutte kostnadar og optimalisere prosjekta.

- Vi ønskjer å få mest mogleg ut av fellesskapets pengar. Nye Veier har involvert entreprenørar tidleg i sine utbyggingsprosessar, med stor suksess. Vi vil gje Statens vegvesen same moglegheit. Etter at Statens vegvesen har gått gjennom sine prosjekt, har vi no bestemt at dei skal få jobbe vidare med to av prosjekta, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I dag er det slik at Statens vegvesen ikkje kan involvere ein entreprenør til å bygge eit vegprosjekt før prosjektet er godkjend av Stortinget. Stortinget si handsaming skjer dessutan fyrst etter at reguleringsplanlegginga er ferdig og siste eksterne kvalitetssikring (KS2) er gjennomført. Dagens modell gir dermed ikkje Statens vegvesen opning for å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga, slik Nye Veier kan gjere.

Samferdselsdepartementet ber no Statens vegvesen om å forberede arbeid med tidleg involvering for prosjekta E39 Hordfast (Stord – Os) og E6 Fauske – Mørsvikbotn. Det betyr mellom anna at det vil vere mogleg å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga eller i arbeidet med å optimalisere løysingar innanfor gjeldande planar.

- Målet er å finne mest mogleg effektive løysingar for gjennomføring av vegprosjekt som kan bidra til å redusere utbyggingskostnadane, auke nytta og korte ned byggetida. Vi skal dokumentere kva for innsparingar vi oppnår. På den måten kan vi hauste erfaringar og velje den beste løysinga for framtida, seier samferdselsministeren.