Historisk arkiv

Statens vegvesen skal vurdere fleire sider av ny veg mellom Egersund og E39

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen har fått i oppgåve å utgreie ein tilknytingsveg mellom Egersund og ny E39. No skal vegvesenet òg utgreie mellom anna standardar av vegane, sjå om det er behov for gang- og sykkelveg og vurdere kostnadar og ei analyse av konsekvensane av to ulike alternative innkortingar av den eksisterande vegen.

– Når ny E39 kjem forbi Egersund, treng byen ein god veg fram til den nye motorvegen. Vi har allereie bedt Statens vegvesen om å utgreie dei to alternative innkortingane av dagens veg som vil sørge for ein kortare veg til ny E39 enn i dag. Vi ser no behovet for å be Statens vegvesen sjå nærare på fleire sider av vegen. Da får vi eit solid grunnlag før vi tek den endelege vurderinga, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Statens vegvesen vil no jobbe vidare med ei breiare utgreiing av vegen.

– Den klare forventninga mi er at utgreiinga skal vere klar innan neste sommar, seier Hareide.