Statsministeren til Colombia og Mexico

Statsminister Erna Solberg besøkjer Colombia 9.–11. april. Besøket vil bestå av politiske samtalar og feltbesøk.

Sentrale tema vil vere fredsprosessen i Colombia, FNs berekraftmål, klimatiltak og næringsverksemd.

Statsministeren besøkjer Mexico 12.–13. april. I tillegg til politiske samtalar, vil næringsverksemd, energi, migrasjon, klima og hav vere sentrale tema.

Presse som ønskjer akkreditering eller meir informasjon om reisa til Colombia og Mexico kan kontakte kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Til toppen