Priv. til red.:
Statsministeren varslar utnemning av ny justisminister
Pressemelding | Dato: 04.04.2018 | Statsministerens kontor
| Nr: 34/18
Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I ekstraordinært statsrådsmøte på Slottet kl. 15.30 i dag vil det bli utnemnd ny justis-, beredskaps- og innvandringsminister. Statsministeren og den nye statsråden kjem ut på Slottsplassen om lag kl. 15.40 – kun for fotografering.
Kl. 16.00 held statsministeren ein kort pressekonferanse i regjeringas representasjonsanlegg. Oppmøte for presse ved inngangen i Riddervoldsgate 2 frå kl. 15.00. Ta med pressekort og gyldig foto-ID.
Kl. 16.40 blir det nøkkelskifte i Justis- og beredskapsdepartementet.
Statsministeren varslar utnemning av ny justisminister

Sjå sendinga her