Statsministerens program veke 26

Statsminister Erna Solberg reiser denne veka mellom anna til Sogn og Fjordane. Mot slutten av veka reiser ho på rundreise til Austlandet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 27. juni

Statsminister Erna Solberg er på reise i Sogn og Fjordane.

Kl. 11.30: Besøk til Kulatoppen bu- og omsorgssenter. Adresse: Deknepollen, Måløy.
Kl. 12.05: Partiarrangement på torget i Måløy sentrum.
Kl. 12.25: Hurtigbåt frå Måløy til Kalvåg.
Kl. 13.20: Besøk til Knutholmen. Adresse: Kalvåg.
Kl. 14.45: Partiarrangement på Amfi kjøpesenter i Florø. Adresse: Hestenesgata 2.
Kl. 15.20: Besøk til Nor-Tekstil. Adresse: Industriveien 24, Florø.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Odd Hoen-Sevje, telefon 971 85 003 og  kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 19.00: Statsministeren er til stades på Aksepts hagekonsert på Grünerløkka i Oslo. Adresse: Fagerheimgata 16.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 29. juni

Statsministeren deltek på eit europeisk G20-toppmøte i Berlin. Tyskland har invitert Noreg med som gjesteland i G20 i 2017.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Statsminister Erna Solberg er på rundreise på Austlandet frå fredag 30. juni til måndag 3. juli, sjå eigen presseinvitasjon til turen her.