Historisk arkiv

Statsråd Vidar Helgesens program veke 51

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsråden deltek denne veka mellom anna på eit utanriksministermøte om flyktning- og migrasjonsspørsmål i EU.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 14. desember
Kl. 07.00: Statsråd Vidar Helgesen deltek på ein nordisk utanriksminister-frukost i forkant av utanriksministermøtet i EU. Tema er flyktning- og migrasjonsspørsmål. Stad: Brussel.

Pressekontakt er informasjonsråd Wera Helstrøm ved den norske EU-delegasjonen i Brussel, telefon +32 494 535 820.

Kl. 18.00: Statsråd Helgesen er invitert av Nasjonalbiblioteket til ny-premiera på «Tre nøtter til Askepott». Filmen frå 1973 er restaurert og digitalisert ved hjelp av EØS-midlar, i samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og det tsjekkiske filmarkivet. Stad: Filmens Hus, Dronningens gate 16, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.