Historisk arkiv

Statsrådens tale ved markering av at Hjerkinn skytefelt blir nasjonalpark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns tale under markeringa av at Hjerkinn skytefelt er tilbakeført som nasjonalpark.

Hjerkinn skytefelt
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn erklærer tilbakeføringsprosjektet av Hjerkinn skytefelt som avsluttet. Foto: Tone Hertzberg

Eg vil starte med å gratulere Forsvaret og Forsvarsbygg med ferdig prosjekt. Men først og fremst vil eg gratulere den norske naturen!

Området her på Hjerkinn har vore i nasjonens teneste, for trygginga av landet vårt. No er det i nasjonens teneste som nasjonalpark.

Naturen gjev oss reint vatn og rein luft – den dempar flaum og lagrar karbon. Dette også viktig for tryggleiken vår.

Vi feirar den største naturrestaureringa i Noreg nokon sinne. Og vi feirar alle som har jobba seg gjennom centimeter for centimeter med skytefelt og gjort det om til verneverdig høgfjellsnatur.

Villreinen har også grunn til å feire i dag. Den har fått tilbake eit område som er større enn Oslo by. Det vil seie større enn dei 146 kvadratkilometrane av Oslo der det bur folk. Frå Holmlia via Stovner til Holmenkollen, viss du kan sjå det for deg.

Korleis gjer vi så eit skytefelt om til nasjonalpark?

Det har tatt 15 år å fjerne spora av menneske. Det er fjerna 5.200 dekar vegar og anlegg. Det er planta 47.000 vierplantar og sådd 100 mål med frø frå Hjerkinn.
Innsatsen her er ein inspirasjon også for andre prosjekt.

Eit skytefelt kan bli nasjonalpark. Ei grøfta myr kan tettast og halde på karbonlageret igjen. Villaksen kan komme tilbake i ei elv. Natur kan bli restaurert! Frå den vesle myra på 35 dekar ved Setertjern i Lillomarka i Oslo, til 165 kvadratkilometer høgfjell.
Restaurering av natur er noko vi gjer meir og meir av.
Dette høgfjellsområdet er ein pangstart på naturrestaureringas tiår, som FN har vedtatt frå 2021 -2030.

Eg avsluttar derfor der eg begynte: Gratulerer!

Hjerkinn
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Foto: Tone Hertzberg