Historisk arkiv

Stortingsmelding om barnehager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa har bestemt at det skal lagast ei stortingsmelding om kvaliteten i barnehagen. Målet er å sikre alle barn ein god start.

– Sidan det store barnehageforliket har vi vore mest opptekne av å byggje nok barnehagar. No må vi byggje kvalitet og innhald slik at alle barn får eit godt tilbod med leik og læring, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

bilde av barn
– I dag har 98 prosent av alle barn gått i barnehage før dei begynner på skolen. Då må vi også sørgje for at barna får eit så godt tilbod som mogeleg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Sveinung Ystad

Stor skilnad

Hovudutfordringane i barnehagen er skilnad i bemanning og for mange tilsette utan nok kompetanse. Det gir utslag på kvalitet og innhaldet i det tilbodet barna får.

– Det har blitt snakka mykje om å auke kvaliteten i barnehagen. No må vi kome vidare og få sett skikkeleg ord på kva det eigentleg betyr og skal vere. Det skal vi gjere i Stortingsmeldinga, seier Røe Isaksen.

Læring, utvikling og språk


Meldinga skal sjå nærare på korleis barnehagane arbeider med barn si læring, utvikling og språk. Den skal også sjå på korleis vi kan sikre best mogeleg overgang mellom barnehage og skole, og korleis barnehagane best kan identifisere og følgje opp barn som treng ekstra merksemd og hjelp.

– I dag har 98 prosent av alle barn gått i barnehage før dei begynner på skolen. Då må vi også sørgje for at barna får eit så godt tilbod som mogeleg. Det var eit stort politisk forlik som ligg bak at vi no nesten har full barnehagedekning. Eg meiner tida er inne også for eit breitt forlik om å heve kvaliteten på innhaldet i barnehagen, og eg håper Stortingsmeldinga vil legge et godt grunnlag for det, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Meldinga skal óg danne grunnlag for å sluttføre arbeidet med revidering av rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2016.