Historisk arkiv

Støttar friluftsliv i nærområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

For mange betyr påska i år turar i nærmiljøet i staden for reise til hytta, til familie og vennar andre stadar i landet eller til utlandet. Regjeringa deler ut om lag 2,6 millionar kronar ekstra til friluftsorganisasjonane for forsterka innsats gjennom påska.

- Det er vakkert på høgfjellet. Men også i nærområda finst det mange flotte naturopplevingar. Vårblomar som spirar langs bekkefar, fuglar som kvitrar i skogen, vinden som kjem inn får havet. Naturen er ofte nærare enn du trur. Ta fram karta, sjekk nettsider og appar frå friluftslivsorganisasjonane og finn fram til nye turmål, oppmodar klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

Blåveis
Blåveisen blømer i låglandet i påska. Foto: Snorre Tønset

Sjølv om det vert heimepåske for dei aller fleste i år, kan vi fortsatt få gode opplevingar ute i naturen. Det er flotte naturområde overalt i Noreg, også ved dei store byane og tettstadane.

Klima- og miljødepartementet har hatt samtalar med friluftslivsorganisasjonane om forslag til turar og aktivitetar i naturen i nærmiljøet.

- Friluftsliv er viktig for oss i Noreg. Eg set stor pris på at friluftslivsorganisasjonane no gjer ein ekstra innsats med informasjon, turtips og aktivitetar i nære turområde for dei som vil ut i påska. Regjeringa medverkar økonomisk for å gjere denne innsatsen mogleg, seier klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Men òg i naturen er det viktig å ta omsyn til den spesielle situasjonen vi er i. I samarbeid med helsestyresmaktene og friluftslivsorganisasjonane har Klima- og miljødepartementet utarbeidt turvitreglar for friluftslivet, som vi oppmodar alle til å følgje.  Hald avstand til andre turgåarar, vel aktivitetar du er trygg på og ikkje reis langt av garde. Ta med det du treng på turen, heimanfrå. Start turen til fots frå bustaden dersom mogleg. Alle må hugse å følgje dei råda og reglane som gjeld til ei kvar tid.

Les alle turvitreglane her

Turområde
Det er mange fine turmoglegheiter i nærområda. Men hugs å halde avstand. Foto: Snorre Tønset

Det er dessutan viktig å spreie utfarten no.  Hald deg unna dei mest populære utfartsstadane og dei mest brukte turløypene. Det finst mange alternative turruter.

- Friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda har utarbeidd mange turforslag og aktivitetsforslag på heimesidene sine, og ikkje minst aktivitetar for barn og unge Ta ein titt på desse. Dei kan gjere turane rikare og synleggjere moglegheitene for friluftsliv i nærmiljøet, seier Rotevatn.