Historisk arkiv

Studentar som arbeider i helse- og omsorgssektoren får behalde stipendet sjølv om dei tener for mykje i haust

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Mange studentar bidreg med viktig arbeidsinnsats i helse- og omsorgssektoren under pandemien. For å hindre at dei som stiller opp taper økonomisk, fjerna regjeringa i vår inntektsgrensa for desse studentane. No foreslår regjeringa å forlenge ordninga ut året.

- Helse- og omsorgssektoren har framleis stort behov for arbeidskraft grunna koronapandemien. Studentar som stiller opp skal sleppe å uroe seg for at mykje ekstrajobbing skal gå utover stipendet. Difor foreslår vi å forlenge ordninga som vi innførte i vår, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H)

Endringa skal sikre viktig arbeidskraft

I dag har Lånekassen eit tak for kor mykje ein kan tene før stipendet blir redusert, og stipendet blir behovsprøvd mot inntekt i etterkant. No foreslår regjeringa å forlenge det mellombelse fritaket frå inntektsgrensa ut året for desse gruppene:

  • Studentar ved universitet, høgskolar og fagskolar som arbeider i helse- og omsorgssektoren, uavhengig av kva dei studerer.
  • Norske studentar i utlandet som anten jobbar i helse- og omsorgssektoren i Noreg, eller det landet dei studerer i.
  • Politistudentar som arbeider i politiet, eller melder seg til beredskapsarbeid.
  • Studentar som blir beordra til beredskapsarbeid knytt til pandemien gjennom Heimevernet, eller Sivilforsvaret.
  • Studentar med barn vil heller ikkje få redusert barnestipendet gjennom behovsprøvinga dersom ektefelle eller sambuar har inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren.

- Eg håper at denne forlenginga gjer at studentar bidreg med det dei kan, samstundes som dei kan vere trygge på at dei ikkje vil tape økonomisk på det, seier Asheim.

Må dokumentere jobb i helse- og omsorgssektoren

Reint praktisk blir behovsprøving av stipend gjort opp når Lånekassen i 2021 behovsprøver inntekt frå skatteoppgjeret 2020. Studentar som har tent over inntektsgrensa som følgje av arbeid i helse- og omsorgssektoren, vil da få beskjed om å sende inn dokumentasjon på dette til Lånekassen for å få omgjort delar av studielånet til stipend.

Forslag om å forlenge det mellombelse fritaket frå inntektsgrensene i Lånekassen krev forskriftsendring. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake med meir informasjon om dette snart.

Bakgrunnsinformasjon om inntektsgrensa

Det er to inntektsgrenser i regelverket for 2020. Den eine på 188 509 kroner gjeld studentar som får utdanningsstønad for eit heilt kalenderår. Den andre, på 471 270 kroner, gjeld studentar som får utdanningsstønad i sju månader eller mindre per kalenderår. Dette er og til dømes relevant for studentar som avsluttar utdanninga i vårsemesteret, og byrjar å jobbe fulltid frå hausten av og ut året.