Styrkjer innsatsen for å tryggje den digitale kvardagen til barn og unge

Regjeringa lanserer i dag ein ny nasjonal strategi for trygg digital oppvekst. Strategien er den fyrste av sitt slag i Noreg, og legg til rette for ein styrkt og samordna offentleg innsats – på tvers av sektorar – for å tryggje den digitale kvardagen til barn og unge.

Nett-tv Styrker innsatsen for å sikre barn og unge en trygg digital oppvekst

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kvardagen til barn og unge er meir digital enn nokon gong før. Då er det viktig at barna er trygge, og at foreldre og vaksne som jobbar med barn har relevant kunnskap og kompetanse om den digitale verda barn og ungdom lever i.  

– Barna våre har allereie eit aktivt digitalt liv, og dei bruker mykje tid på nett. Vi må sikre at dei er trygge der. For å gjere det må vi vaksne komme på banen, og alle som er tett på barn og unge må samarbeide og utveksle kunnskap og erfaring. Slik kan vi fange opp nye utfordringar raskare, og setje inn meir treffsikre og effektive tiltak, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), som koordinerer regjeringa sin politikk for trygg digital oppvekst.

Digital oppvekst
Foto: Thomas Brun NTB

Barna sjølv er tydelege på at det er mykje positivt ved det digitale livet. Forsking viser også at norske barn er blant dei som kjenner seg tryggast på nett. Der er dei med venner, ytrar seg, spelar spel og utforskar verda. Vi må lytte til dei positive opplevingane og erfaringane til barna. Samtidig veit vi at fleire barn og unge har opplevd negative eller ubehagelege ting på nett, som mobbing, kroppspress eller overgrep. Falske nyheiter og skjult reklame er også noko av det barn møter på nett. Det skal vi jobbe for å beskytte barna mot.  

Naudsynt med eit heilskapleg blikk

For å sikre ein god digital kvardag for barn og unge treng vi å samle kreftene og auke kompetansen og kunnskapen blant barn og vaksne. Vi vaksne må vere til stades der barna er, og lære oss korleis vi kan hjelpe dei best mogleg i den digitale kvardagen. Vi må arbeide saman og treng alle gode krefter med på laget: politi, barnevern, skular, foreldre, ungdomsarbeidarar, nettselskap, organisasjonar og ikkje minst barn og unge sjølve.

– No løftar vi blikket og ser på den digitale kvardagen til barna som ein heilskap. Korleis nettet skapar glede, engasjement og kreativitet, og er ein stor og viktig del av barnas liv. Og kvifor og korleis vi skal beskytte barn og unge mot dei risikoane dette digitale livet inneber. Å sørgje for at barn er trygge kor enn dei ferdast er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har. Derfor er denne strategien så viktig, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Digital oppvekst
Foto: Thomas Brun NTB

Viktige innspel frå barn og unge

Strategien er utarbeidd av Medietilsynet, på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. I arbeidet med strategien har fleire aktørar medverka, blant dei barn og unge sjølve. Innspela frå dei har hatt stor betydning for korleis strategien ser ut.

Strategien beskriv både moglegheiter og utfordringar i den digitale kvardagen til barn og unge, og set ting i samanheng. Ei utfordring i dag er at dei mange gode kreftene ikkje samarbeider godt nok, og at vi veit for lite. Strategien har derfor desse sju prioriterte områda:

  • Sikre rettane til barn i det digitale miljøet og reell medverknad frå barn og unge
  • Auke den digitale kompetansen blant barn og unge
  • Auke den digitale kompetansen til foreldre og vaksne som jobbar med barn
  • Beskytte barn og unge mot internettrelaterte overgrep, skadeleg innhald og skadeleg bruk
  • Sikre person- og forbrukarvern for barn og unge
  • Initiere forsking og gjere kunnskap tilgjengeleg
  • Styrke koordineringa av arbeidet for ein trygg digital oppvekst

Arbeidet med strategien har vist at det er behov for ein meir omfattande gjennomgang, blant anna for å greie ut det politiske handlingsrommet i møte med den digitale oppveksten til barn. Derfor set vi no i gang arbeidet med ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst.

Les strategien her.

Les også De unge har krav på en trygg digital hverdag, en kronikk av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og direktør i Medietilsynet, Mari Velsand (publisert i VG, 03.09.2021).