Svar på skriftleg spørsmål om import av animalsk fiskefôr

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP) om arbeidet med å endre gebyret for import av storsekker med animalsk fiskefôr.

Spørsmål nr. 3167 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Terje Halleland om arbeidet med å endre gebyret for import av storsekker med animalsk fiskefôr

Representanten Terje Halleland har stilt følgjande spørsmål:

«Når kan Karmsund Havn informere sine kunder om at gebyrregime blir endret til kostnader som reflekterer Mattilsynet sine kostnader og innføre Mattilsynet sine forslag til endringer av gebyrforskriften?»

Mattilsynet sitt forslag til endring av gebyret for veterinær grensekontroll av fiskefôr med animalsk opprinnelse, som importerast i storsekk, er no fastsett av Landbruks- og matdepartement og Nærings- og fiskeridepartementet. Endringa inneber at gebyret blir likt med det som gjeld for fiskemjøl som importerast i storsekk, det vil seie at gebyret på kr 24,34 per tonn skal gjelde både for fiskemjøl og for fullfôr til fisk.

Endringa blei gjort i forskrift om betaling av gebyr for veterinær grensekontroll og dei nye gebyrsatsane gjeld frå 21. september 2023.

Med helsing

Geir Pollestad