Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om næringsforbod for pelsdyrnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om innføring av eit næringsforbod for pelsdyrnæringa, om kor mange færre skinn av mink og rev vil det verte omsett på verdsmarknaden som fylgje av dette.

Svar på spørsmål nr. 1200 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Representanten Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«I regjeringsplattforma til H, Frp og V går ein inn for å innføra eit næringsforbod for pelsdyrnæringa. Kor mange færre skinn av mink og rev vil det verte omsett på verdsmarknaden som fylgje av dette?»

I Meld. St. 8 (2016-2017) er det oppgitt tal for omsetnad av norske skinn gjennom auksjonshusa i Finland og Danmark i 2015. Det vart selt over 59 tusen sølvrevskinn, over 51 tusen blårevskinn og 811 tusen minkskinn.

Det står også at den norske produksjonen av reveskinn utgjer under to prosent av verdsproduksjonen, og at den norske produksjonen av minkskinn utgjer om lag ein prosent av verdsproduksjonen.

Med helsing

Jon Georg Dale