Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om skjerpa krav til dyrevelferda i pelsdyrnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om korleis Regjeringa har fulgt opp dei skjerpa krava for å betra dyrevelferda i pelsdyrnæringa.

Svar på spørsmål nr. 1199 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Representanten Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Stortinget gjekk ved handsaming av pelsdyrnæringa inn for å skjerpa krava til dyrevelferd i pelsdyrnæringa. Korleis har Regjeringa fulgt opp desse viktige vedtaka for å betra dyrevelferda i pelsdyrnæringa?»

Meld. St. 8 (2016-2017), komitéinnstillinga og Stortinget sine vedtak innebar at krava til dyrevelferd skulle bli skjerpa. Desse dokumenta og vedtaka er følgde opp mellom anna gjennom nye krav i forskrift om hald av pelsdyr som tredde i kraft 1. januar i år, gjennom at næringa på initiativ frå meg har utarbeidd utkast til dyrevelferdsprogram for mink, og gjennom at Mattilsynet er bedne om vurderingar når det gjeld skjul til rev og bruk av nakketang.

På bakgrunn av at regjeringa no arbeider med eit framlegg til ei lov om forbod mot hald av pelsdyr med ein avviklingsperiode for eksisterande produsentar fram til årsskiftet 2024/2025, har eg stansa denne oppfølginga. Eg har difor utarbeidd eit framlegg til ei forskrift som vil reversere dei nye krava i forskrift om hald av pelsdyr, slik at ho vil lyde slik ho gjorde fram til 1. januar i år.

Framlegget om å reversere dei nye krava heng saman med at avveginga mellom kostnader og meirarbeid på den eine sida, og gevinst for dyrevelferda på den andre, blir ei anna dersom næringa skal bli avvikla.

Eg vil informere Stortinget om dette på eigna måte.

Med helsing

Jon Georg Dale