Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde
Svar til Stortinget | Dato: 16.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
2717
Vår referanse:
24/1727
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde.
Eg viser til spørsmål nr. 2717 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 06.09.2024 frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde:
Når vil regjeringen ta initiativ til å opprette en bransjeavtale med fiskeri- og havbruksnæringen for å øke leveringen av fiskeslam til biogassanlegg, og hvilke tiltak vil regjeringen gjennomføre for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon fra havbruk og landbruk?
Spørsmålet var opphavleg sendt Klima- og miljøministeren, men det er Landbruks- og matdepartementet som er ansvarleg for å følgje opp oppmodningsvedtaket om bransjeavtaler knytt til biogass saman med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Difor er det eg som svarar på spørsmålet.
I 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppsamfunn og vil ha eit høgt behov for fornybar energi. Biogass kan vere eit viktig supplement til andre former for fornybar energi. Biogass kan produserast av ulike typar organisk materiale som avfall frå skog, matavfall, husdyrgjødsel, fiskeslam og anna. Produksjon av biogass basert på avfall er eit godt døme på sirkulærøkonomi i praksis, der produksjonen bidreg til å redusere utfordringane med avfall samtidig som det produserast energi. Havbruksnæringa har og vist aukande interesse for mogelegheitene og potensialet som finnast i å utnytte slammet betre enn i dag. For nokre typar landbaserte anlegg er det i dag praksis å utnytte fiskeslam, til handsaming i biogassanlegg, og det er i nokre høve også gjeve godkjenning til bruk direkte som gjødsel.
Førebels tillèt ikkje EU sitt gjødselregelverk å bruke fiskeslam som råstoff i CE-merka gjødsel. Fiskeslam har difor per i dag eit avgrensa utnyttingsområde, og kan ikkje nyttas som eksportvare på den europeiske marknaden. Dette er ei viktig problemstilling som må løysast før vi kan påleggje nye sirkulære løysingar og infrastruktur i havbruksnæringa.
Regjeringa arbeider med å fastsetje eit nytt gjødselregelverk. Det nye regelverket kan få tydning for den samla utnyttingsgraden til fiskeslam og bruk av husdyrgjødsel i biogassanlegg. Når husdyrgjødsel brukast som råstoff i produksjon av biogass, kan bruken av biogass erstatte fossil energi, i tillegg reduserast utsleppa frå lagring av husdyrgjødsel.
Fiskeslam er rikt på næringsstoff som er ønskeleg å gjenbruke mellom anna som gjødsel. Biogassanlegg må kombinerast med ulike løysingar for å oppgradere næringsstoffa til attraktive produkt. Å få på plass gjødselregelverket er ei prioritert oppgåve for å gje bransjen føreseielege vilkår.
Enova har dei siste åra gitt støtte til etablering av fleire industrielle biogassanlegg som tar imot fornybare biologiske ressursar frå hav og land. Også Bionova er eit viktig verktøy for regjeringa for verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på slike ressursar. I jordbruksforhandlingane 2024 blei avtalepartane einige om nokre grep for å gjere tilskotsordninga for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg betre rigga for framtida slik at den oppfattast som føreseieleg for både biogassbransjen og husdyrprodusentar som ønsker å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg.
Langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursar er eit grunnprinsipp i regjeringa si politikk.
Regjeringa har førebels ikkje etablert bransjeavtaler for biogass, men det skjer likevel mykje innafor området. Regjeringa vil fortsette sitt arbeid for at både fiskeslam og husdyrgjødsel skal utnyttast enda betre enn i dag.
Med helsing
Geir Pollestad