Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om normering av inntekt for bønder

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart stortingsrepresentant Rasmus Hansson på spørsmål om normering av inntekt for bønder.

Representanten Rasmus Hansson har stilt følgjande spørsmål:

«I Nationen 13. september er landbruksministeren sitert på følgende: “[J]eg kjøper heller ikke premisset om at forslag 25 fra SV, KrF, MDG og Rødt er bedre enn vårt forslag. Det er dyrere for staten, men jeg mener ikke det er bedre for bøndene.” Kan statsråden rede­gjøre for hvorfor han mener regjeringens forslag, som blant annet legger til grunn 20 pro­sent normering før inntektssammenligning og 1750 timer per årsverk, er bedre for bøndene enn SV, MDG, Rødt og KrFs forslag om 1700 timer per årsverk og 5 prosent normering?»

Regjeringen starta hausten 2021 eit arbeid med å auke inntektsmogleheitene i jordbruket, med sikte på å tette gapet mellom bøndenes gjennomsnittlege næringsinntekter og andre grupper. Det er, så langt, mellom anna gjort ved ein ekstraordinær auke ibudsjettstøtta til jordbruket. Den er auka med 67 prosent samanlikna med regjeringa Solberg sitt budsjettframlegg for 2022.
 
Regjeringa foreslo dei politiske premissa som skulle leggjast til grunn for samanlikninga av bøndenes gjennomsnittlege næringsinntekter med løn i Meld. St. 11 (2023-2024). I Stortinget si handsaming blei det fleirtal for å setje timetalet per årsverk i jordbruket til 1 750 timar. Årets jordbruksavtale blei inngått på desse premissa, og jordbruksavtalepartane tok omsyn til vilkåra for opptrappinga av inntektsmoglegheitene, som er omtala i kapittel 7.6 i Meld. St. 11 (2023-2024).
 
Bønder er sjølvstendig næringsdrivande og resultatet på botnlina i rekneskapet på kvar gard kan ikkje vedtakast politisk. Opptrappinga av inntektsmoglegheiene skjer ved å leggje til rette for auka prisar og ved å auke budsjettstøtta til jordbruket. Bøndene er produsentar til ein innanlands marknad for mat som er relativt stabil og/eller fallande i dei fleste sektorane. Kva gjennomsnittleg inntektsvekst som blir realisert, vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, marknadsbalansen, kostnads- og produktivitetsutviklinga, konkurransekrafta mot import og substitutt og bøndenes utnytting av dei auka inntektsmoglegheitene

Eg meiner det er grunnleggjande viktig at tallgrunnlaget står seg over tid samstundes som det tek i vare målet om å auka inntekta til bonden. Meld. St. 21 (2023-2024) er handsama på heilt ordinær måte i Stortinget og balanserer stortinget sitt syn på ein god måte. Både Stortingets handsaming av Meld. St. 11 og årets jordbruksoppgjer, viser at dei politisk fastsette premissa for talgrunnlaget ved nivåsamanlikning som årets jordbruksavtale er basert på, er ein god balanse mellom ulike politiske synspunkt. Dermed er det også det næraste vi kan kome ei bærekraftig løysning som kan gje jordbruket den føreseielegheita næringa er heilt avhengig av.

Ei opptrapping i tråd med framlegg 25 innan 2027 vil gje ei betydeleg risiko for auka prisar på jord og kvotar. Framlegget vil og kunne bidra til overproduksjon, fallande prisar og aukte kostnadar til marknadsregulering. Eg meiner og at mangel på reell normeringsfaktor i framlegg 25 ikkje godt nok svarar ut at me skal gå frå måling av inntektsutvikling til inntektsnivå for sjølvstendig næringsdrivande.

Det vart under stortingshandsaminga fremja ei rekke framlegg som ikkje fekk fleirtal. Nokre av desse framlegga ville ha auka inntektsgapet og andre ville ha redusert inntektsgapet. Det var gjennomgåande større støtte til framlegga som ville redusere det berekna inntektsgapet enn til framlegg som ville ha auka det.

Eg meiner at det innafor gjeldane tallgrunnlag og er slik at det er ei rekke andre rammevilkår som har stor betydning som rovdyrpolitikk, syn på EU-medlemskap og avgiftspolitikk.

Sjølve den nye modellen for inntektsberekninga var det brei semje om under handsaminga. Ingen tok til orde for andre modellar eller å gå attende til modellen som var gjeldande fram til jordbruksoppgjeret 2024 med måling av utvikling.

Eg meiner difor at dei gjeldande prinsippa for tallgrunnlaget er betre enn det som låg i framlegg 25 både når det gjeld økonomisk utvikling for bonden og den politiske risikoen for endringar i modellen.

 

Med helsing

 

Geir Pollestad