Svar på spørsmål om bistand til Rwanda

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på eit spørsmål frå Christian Tybring-Gjedde (Frp) om bistand til Rwanda.

Skriftleg spørsmål nr. 547 (2023-2024)
Datert 29. november 2023

Frå representanten Christian Tybring-Gjedde, Frp, til utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til utviklingsministeren:

I 2022 ga Norge 71,5 millioner kroner i bistand til det afrikanske landet Rwanda, ifølge tall fra Norad, samtidig betaler Rwanda opp mot 135 millioner kroner hvert år til fotballklubben Arsenal, i en sponsoravtale som strekker seg over flere år. Mener statsråden det er redelig ovenfor norske skattebetalere å gi millioner norske skattekroner i bistand til et land, som sløser sine ressurser på sponsing av fotball?


Begrunnelse:

Riksrevisjonen har gjennom flere rapporter over flere år kritisert regjeringer for å ikke ha kontroll over bistandspengene. Man evner ikke å dokumentere hvor pengene faktisk havner, eller om bistandsprosjektene har noen form for måloppnåelse. Pengene som doneres til Rwanda bryter med forutsetningene for bistanden og påstandene fremsatt i ulike debatter og gjentatt i de årlige bistandsbudsjettene der det fremheves at norske skattebetaleres penger går til å bekjempe fattigdom og bedre levevilkårene i fattige land. Rwanda er et av verdens mest fattige land og et land som mottar betydelige beløp av fra Norge. Enten er regjeringens påstand om hva bistandspengene til Rwanda (og øvrige mottakere av bistand) fører til, eller mener statsråden at sponsing av fotball bidrar til redusere fattigdom

Svaret til utviklingsministeren:

Dessverre er det framleis store behov for både norsk og internasjonal hjelp. Før pandemien og krigen i Ukraina, anslo FN at det mangla om lag 2 500 milliardar USD årleg for å nå berekraftsmåla. No bereknar OECD at dette gapet kan ha auka til 4300 milliardar USD årleg. Bistand verken kan eller skal dekkje dette åleine, men speler ei viktig rolle. Den norske hjelpa, som i 2022 var på 49,6 milliardar kroner er ei investering i ein meir stabil verdsorden og vår eigen tryggleik.

Eg opplever òg at det er brei politisk semje om norsk utviklingssamarbeid. Dette speglar den høge støtta til bistand i befolkninga. Dette er ei støtte som inneber stort ansvar. Norske skattepengar skal brukast på ein mest mogleg effektiv måte for å nå utviklingspolitiske og bistandsfaglege mål.

Rammevilkåra endrar seg raskt for både utanriks- og utviklingspolitikken. Det er dramatiske endringar i det geopolitiske landskapet og den internasjonale dynamikken. Utviklingsland er ikkje ei einsarta gruppe. Dei finansierer stadig meir av sine eigne utgifter og har større tilgang på kapital utanfrå. Men mange ser til Noreg og ønskjer vi skal dele erfaringar frå samfunnsutviklinga vår.

Rwanda har vist gode resultat i gjenreisinga av landet etter folkemordet i 1994. Den økonomiske, sosiale og tryggingsmessige situasjonen er store forbetra. Menneskerettssituasjonen held likevel fram med å vere utfordrande. Noreg har ved fleire høve teke opp vår bekymring for utviklinga i landet når det gjeld politiske og sivile rettar, inkludert ytringsfridom.

Norsk hjelp går derfor ikkje til rwandiske styresmakter, men mellom anna til å styrkje sivilt samfunn og deira menneskerettsarbeid. Gjennom Norsk Folkehjelp og dei lokale partnarane deira bidreg vi til at innbyggjarar får tilgang til rettane sine og kan delta i og påverke utforminga og gjennomføringa av nasjonal og lokal politikkutforming, planlegging og styring. Dette programmet finansierer vi saman med Sverige, Danmark og Sveits.

Noreg har òg samarbeidd med rwandiske interesseorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne, om å leggje til rette for at barn med nedsett funksjonsevne kan få gå på skule på lik linje med andre barn. Prosjektet har òg bidrege til at nasjonal lovgiving betre varetek rettane til personar med nedsett funksjonsevne, og til å styrkje kunnskapen hos denne gruppa om rettane dei har i samsvar med FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Care Norge får òg finansiering til eit prosjekt dei gjennomfører saman med søsterorganisasjonen sin i Rwanda og tre lokale partnarar. Prosjektet støttar sårbare kvinner og jenter som vil tileigne seg nye ferdigheiter og delta aktivt i økonomisk utvikling. Støtta til spare- og lånegruppene er hovudinngangen i deira programarbeid, men gruppene blir òg nytta som ei plattform for anna arbeid, som til dømes framme av seksuell og reproduktiv helse og rettar, kamp mot kjønnsbasert vald og for normendring, i tillegg til kapasitetsbygging av lokale kvinneleidde sivilsamfunnsorganisasjonar. I 2022-syklusen sparte medlemmene av desse spare- og lånegruppene til saman USD 25 millionar, medan USD 22 millionar blei teken ut og betalt tilbake i lån.

Den største delen av bistanden til Rwanda i 2022 gjekk til eit prosjekt i regi av Scatec (tidlegare SN Power) og utarbeidinga av ein moglegheitsstudie i tilknyting til bygging av eit vasskraftverk på Ruzizi-elva, på grensa mellom Rwanda, Burundi og DR Kongo. Prosjektet har ein kapasitet på 206 MW, og vil vere svært viktig for folk i regionen, som manglar tilgang på energi. I tillegg vil prosjektet fremje samarbeid mellom tre land som har eit anstrengt forhold.

Norsk hjelp er, som representanten viser til, underlagt grundige gjennomgangar frå Riksrevisjonen. Det er viktig å hugse på at Riksrevisjonen går inn i enkeltprogram eller prosjekt. Nokre av funna går igjen i fleire rapportar. Då er det eit systemisk problem. Men oftast handlar det om innretninga og oppfølginga av kvart enkelt program og prosjekt. Då er det ikkje slik at Riksrevisjonen har «kritisert regjeringar for ikkje å ha kontroll over bistandspengane".

Også prosjekta i Rwanda er ein del av det solide norske hjelpesystemet, med omfattande regelverk og gode forvaltningsrutinar for å følgje pengane. Informasjon om dette blir mellom anna publisert på Norads nettside om bistandsresultat og formidla til Stortinget gjennom budsjettproposisjonane. Desse pengane går altså ikkje til rwandiske styresmakter.