Svar på spørsmål om eksport frå Kina til Russland

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om kva Noreg for gjer får å hindre at Kina omgår sanksjonane mot Russland.

Skriftleg spørsmål nr. 620 (2023-24)
Datert 06.12.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

Hvilke initiativ tar Norge for å hindre omgåelse av sanksjonene mot Russland fra Kina og er Norge villig til å innføre sanksjoner mot utvalgte kinesiske selskaper dersom Kina ikke avslutter eksport av flerbruksteknologi/-materiell til Russland?

Svaret frå utanriksministeren:

Russlands folkerettsstridige aggresjonskrig mot Ukraina har så langt ikkje berre medført store tap av menneskeliv, men også på påført Ukraina alvorlege materielle øydeleggingar det vil ta lang tid å byggje opp att. Land som aktivt støttar Russlands krigføring bidreg til dei tapa og lidingar aggresjonskrigen medfører.

På grunn av Russlands folkerettsstridige aggresjonskrig mot Ukraina har EU innført historisk omfattande sanksjonar mot Russland. Noreg står saman med resten av Europa i denne sanksjonspolitikken. Målet med sanksjonane er å redusere Russlands moglegheit til å finansiere krigen i Ukraina, og dessutan svekkje Russlands evne til å føre krig ved å hindre tilgangen til innsatsvarer. For å lykkast må sanksjonane vere effektive. For å forhindre at nokon omgår sanksjonane har vi tett dialog med EU og andre land som har slutta opp om sanksjonane mot Russland.

Rapportane om at Kina skal ha eksportert utstyr og teknologi til Russland – til bruk både til sivile og militære formål – gir grunn til bekymring. Overfor kinesiske styresmakter har vi, både på politisk nivå og embetsnivå, informert tydeleg om norsk syn på krigen og oppmoda Kina til å bruke innverknaden sin overfor Moskva til å få Russland til å avslutte kamphandlingane. Vi har òg vore tydelege på at eventuell kinesisk militær støtte til Russland vil få store negative følgjer for forholdet landet har til Europa. Denne bodskapen står vi saman med allierte og partnarar om.

Noreg har ikkje tradisjon for å innføre sanksjonar åleine. Regjeringa har heller ikkje fullmakt i sanksjonslova, som var fremja for Stortinget av Regjeringa Solberg i statsråd 18. desember 2020, til å gjere vedtak om slik åleinegang. Regjeringa har heimel til å gjennomføre sanksjonar vedteke i mellomstatlege organisasjonar, eller som elles har brei internasjonal oppslutning. Ein sterk, samla front er etter mitt syn nødvendig for at sanksjonane skal vere effektive.