Historisk arkiv

Sveinung Rotevatn sitt innlegg om naturrestaurering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sin tale om kvifor det er viktig å restaurere natur, i samband med FNs tiår for naturrestaurering.

Kjære alle saman - takk for at eg fekk delta på denne konferansen om naturrestaurering!

Naturrestaurering er noko vi må gjere mykje meir av. Ikkje berre det neste tiåret, som FN har vedtatt.

I september i fjor var eg med på å markere Noregs hittil største naturrestaurering – oppryddinga av skytefeltet på Hjerkinn. 165 kvadratkilometer vart tilbakeført til høgfjellsnatur - til nasjonalpark og leveområde for villreinen.

Området på Hjerkinn har vore i nasjonens teneste i lang tid, for å trygge landet vårt. No er det i nasjonens teneste som nasjonalpark. Naturen gjev oss reint vatn og rein luft – den dempar flaum og lagrar karbon. Dette også viktig for tryggleiken vår.

Året og tiåret vi er inne i, er avgjerande både for klima og natur.

- For det første startar den forpliktande avtala Noreg har med EU om å nå klimamåla innan 2030 og oppfylle klimabudsjett på vegen dit. Utslepp og opptak frå skog og areal er ein viktig del.

- For det andre skal dei gjeldande globale måla for naturmangfald – Aichimåla – bli erstatta av nye globale mål for natur.

- For det tredje går vi inn i det avgjerande tiåret der alle land må leggje tyngde bak arbeidet med å nå berekraftsmåla til FN i 2030.

 Dei to største utfordringane - å stanse klimaendringane og tapet av naturmangfald - er like alvorlege og dei heng saman. Vi må derfor sjå dei i samanheng: Ei myr som blir tilbakeført, gir plass for fleire artar,  kan dempe tørke og mindre flaumar som skuldast klimaendringar og lagre karbon som bremsar klimaendringar.

Sidan 2015 har denne regjeringa satsa på restaurering av myr og anna våtmark som kombinert klima- og naturmangfaldtiltak. I den nye klimameldinga vil vi halde fram med slik restaurering og liknande løysingar.

Klimaendringane og tap av naturmangfald har mange av dei same bakenforliggjande årsakene. Naturpanelet seier at vi treng gjennomgripande, varige samfunnsendringar. Det siste året har vist oss at enorme endringar i åtferd er mogeleg på veldig kort tid.  "Gjennomgripande endringar" er innanfor rekkjevidde viss vi vil.

Til hausten skal partane i Biomangfaldkonvensjonen, eitt år seinare enn planlagt, møtest i Kina for å forhandle ferdig ein "Parisavtale for naturen".

Naturrestaurering har ein viktig plass fordi det er den einaste måten å få meir natur på.

I Noreg er vi så heldige at vi har mykje natur igjen. Men dei siste 10 åra har om lag 540 kvadratkilometer blitt bygd ned og 200 kvadratkilometer dyrka opp - eit areal større enn heile Oslo og Bærum, inkludert heile marka rundt. Restaureringa som skjer i dag er ikkje i nærleiken av å vege opp for det tapet av natur som har pågått og framleis pågår.

Allereie i stortingsmeldinga om naturmangfald i 2015 gjorde regjeringa det globale målet om å restaurere 15 prosent av økosystema til eit norsk mål. I tillegg peikte meldinga på at restaurering av myr og betre vassforvaltning er regjeringa sine viktigaste  tiltak for å følgje opp dette målet.

Til no har vi lukka meir enn 200 kilometer grøft i om lag 80 myrer. Miljødirektoratet har oppdatert planen for restaurering av myr og anna våtmark. Dei skal levere forslag til ein strategi for restaurering av vassdrag for det neste tiåret, og skal også følgje opp med  ein nasjonal plan for vassdragsrestaurering.

Sidan 2016 har statsministeren vore ein av to leiarar av FN si pådrivargruppe for berekraftsmåla. Måla er globale og gjeld også for Noreg.

Naturpanelet har vist at vi må stanse tapet av naturmangfald viss vi skal nå berekraftsmåla. Regjeringa vil i løpet av våren leggje fram ei stortingsmelding om korleis berekraftsmåla skal følgjast opp.

To av berekraftsmåla, nummer 6 og 15, har delmål om å restaurere økosystema med vatn i. Her snakkar vi ikkje berre om å bremse tapet av vassdrag og vassmiljø, men faktisk om å snu trenden slik at vi får meir intakte vassdrag og  meir intakte våtmarker.

Restaureringstiltak kan vere kostbare der og då når dei blir gjennomførde, men dei er i stor grad eingongsinvesteringar. Frå Klima -og miljødepartementet sitt budsjett vil det i 2021 gå om lag 44 millionar kroner til restaurering i vassdrag, myr og anna våtmark.

Internasjonale prosessar og forskningsrapportar set mykje av agendaen for oss nasjonale politikarar. Regjeringa si satsing på restaurering av myr og anna våtmark var ein direkte følgje av funn i Klimapanelets 5. hovudrapport. Naturpanelet sin første hovudrapport er hovudgrunnlaget for dei nye naturmangfaldmåla. Både FNs Klimapanel og Naturpanelet viser til naturrestaurering som eit effektivt tiltak. Det gir vidare arbeid auka tyngde og trykk nasjonalt.

Satsinga på restaurering av vatn og vassdrag er ei følgje av EU sitt vassdirektiv. Norske politikarar og næringsliv følgjer nøye med på EU sitt arbeid med European Green Deal. EU sin plan for naturrestaurering skal kome i år og innehalde deira mål for restaurering av øydelagde økosystem.

Naturrestaurering og andre felles løysingar som er bra for både naturmangfald og klima blir ofte kalla naturbaserte løysingar. Dette temaet er høgt på agendaen internasjonalt. På norsk initiativ startar no i 2021 ei stor nordisk satsing på naturbaserte løysingar. Det vil bli brukt 37 millionar kroner over fire år på å samle noverande kunnskap og erfaringar og gjere dei tilgjengeleg.

Eit skytefelt kan bli nasjonalpark. Ei grøfta myr kan tettast og halde på karbonlageret igjen. Villaks og sjøaure kan kome tilbake i ei elv. Natur kan bli restaurert! Frå den vesle myra på 35 dekar ved Setertjern i Lillomarka her i Oslo, til 165 kvadratkilometer høgfjell på Hjerkinn.

På Hjerkinn tok det 15 år å fjerne spora av menneske. Det er fjerna 5 kvadratkilometer vegar og anlegg. Det er planta 47.000 vierplantar og sådd 100 mål med frø frå Hjerkinn.

Innsatsen her er ein inspirasjon også for andre prosjekt.

Dei fleste restaureringsprosjekt er mindre enn dette kvar for seg, men held vi på over tid, kan det gi store resultat. Dessutan er det ganske morsomt. Folk blir sjeldan så entusiastiske som når vellukka restaurering gir naturen moglegheit til å kome tilbake.

For å lykkast treng vi kunnskapsdeling og samarbeid mellom forskarar, forvaltning, private og organisasjonar. Her på denne konferansen er alle gruppene til stades.

Det gir eit godt utgangspunkt for vidare innsats. Regjeringa vil følgje opp dette og ha det høgt på agendaen framover.

Eg vil ønske lykke til med konferansen og det vidare arbeidet!