Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Sylvi Listhaug er ny eldre- og folkehelseminister

Sylvi Listhaug (Frp) er 3. mai utnemnd til ny eldre- og folkehelseminister i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho tek over for partifelle Åse Michaelsen.

Ny eldre- og folkehelseministeter Sylvi Listhaug
Sylvi Listhaug er i statsråd utnevnt til eldre- og folkehelseminister i Solbergregjeringen. Foto: Statsministerens kontor.

41 år gamle Listhaug har lang fartstid i politikken og har vore statsråd i regjeringa Solberg tidlegare: Først som landbruks- og matminister, deretter innvandrings- og integreringsminister, og sist som justis-, beredskaps- og innvandringsminister. Ho gjekk av i mars 2018.  

Siste året har Sylvi Listhaug vore medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, eit fagfelt ho kjenner godt frå tida som byråd for Helse- og eldreomsorg i Oslo (2010-2012). Før det var Listhaug byråd for velferd og sosiale tenester i hovudstaden (2006-2009).

Listhaug er oppvaksen på familiegarden i Ørskog på Sunnmøre. I slutten av tenåra var ho pleieassistent på aldersheimen i Ørskog. Ho er utdanna adjunkt frå Høgskulen i Volda, og har vore innom læraryrket. Listhaug har også jobba eit år i PR-byrået First House. Ho er gift og mor til tre.

Les mer om ny eldre- og folkehelseminister

Til toppen