Historisk arkiv

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen er død

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er med stor sorg eg i dag har motteke den triste bodskapen om at vegdirektør og tidlegare samferdselsminister Terje Moe Gustavsen er gått bort. Terje har gjort ein formidabel innsats for norsk samferdsel gjennom mange år, og det vil merkast at hans store arbeidskapasitet og smittande engasjement er borte. Mine tankar går no til Terje sine nærmaste.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at vegdirektør Terje Moe Gustavsen døde natt til laurdag. Han blei 64 år.

- Terje Moe Gustavsen sin innsats har vore imponerande, ikkje minst når det gjeld trafikktryggleik. Som samferdselsminister fremma han Nullvisjonen for Stortinget – ein visjon om ingen drepne og hardt skadde i trafikken. Nullvisjonen blei vedteken i 2001, og har hatt mykje å seie for at talet på drepne og hardt skadde har gått dramatisk ned og no er blant dei lågaste i verda.

Gustavsen har vore vegdirektør og leiar av Statens vegvesen sidan 12. november 2007. I perioden 2000-2001 var han samferdselsminister for Arbeiderpartiet.

Direktør Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen fungerer som vegdirektør inn til vidare.