Pressekonferanse om TIMSS og TIMSS Advanced 2015

Korleis gjer norske elevar det i matematikk og naturfag samanlikna med elevar frå andre land? Tysdag 29. november blir resultata frå dei to internasjonale undersøkingane TIMSS 2015 og TIMSS Advanced 2015 offentleggjorde.

Tid: Tysdag 29. november kl. 1000 - 1200

Stad: Majorstuen skole, Bogstadveien 74, 0366 Oslo. Inngang frå skolegarden.

Kontakt: Kunnskapsdepartementet: Anbjørg Bakken, tlf. 99009260, anb@kd.dep.no

Utdanningsdirektoratet: Peter Tryggestad, tlf. 99236957, pty@udir.no

TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) måler kompetansen til elevane i matematikk og naturfag på 4, 5, 8 og 9. trinn. I Noreg deltok 140 skolar med barnetrinn og 144 skolar med ungdomstrinn i undersøkinga.

TIMSS Advanced måler kompetansen til elevane i matematikk og fysikk det siste året i vidaregåande skole. I begge undersøkingane blir det også samla inn informasjon om elevane, lærarane og skolane som blir analysert.

Program:

1000-1045: Pressekonferanse om TIMSS og TIMSS Advanced 2015

  • Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, seier kort kva TIMSS er.
  • Forskar Ole Kristian Bergem frå Universitetet i Oslo legg fram TIMSS.
  • Forskar Liv Sissel Grønmo frå Universitetet i Oslo legg fram TIMSS Advanced.
  • Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kommenterer resultata.

1045-1130: Separate intervju med forskarane og kunnskapsministeren.

1130-1200: Kunnskapsministeren møter elevar på 5. trinn som har matematikkundervising. Det blir høve til å fotografere.

Pressekonferansen blir strøymd på www.kd.dep.no

Nett-tv Pressekonferanse på Majorstuen skole

Se sendingen her

Se sendingen her

Fakta om TIMSS og TIMSS Advanced 

  • TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) er ei
    internasjonal undersøking som måler kompetansen til elevane i
    matematikk og naturfag.
  • Noreg deltok i 2015 med elevar på 4., 5. 8. og 9. trinn. På kvart trinn deltok om lag sju prosent av elevane.
  • Noreg er eit av 57 land som var med i TIMSS 2015. Undersøkinga blei gjennomført våren 2015. 140 skolar på barnetrinnet og 144 skolar på ungdomstrinnet var med i undersøkinga.
  • TIMSS Advanced måler kompetansen til elevane i matematikk og fysikk det siste året i vidaregåande skole.
  • Målet med undersøkingane er betre læring og undervising i matematikk og naturfag.
  • IEA (International Association for the Evaluation of Educational Achievement) står bak TIMSS og TIMSS Advanced.
  • TIMSS blir gjennomført kvart fjerde år. Noreg har vore med i 1995, 2003, 2007, 2011 og 2015.
  • Meir om TIMSS og TIMSS Advanced kan du lese her:

www.udir.no/timss<http://www.udir.no/timss

www.udir.no/timss-advanced<http://www.udir.no/timss-advanced