Tron Løkken Sundet utnemnt som ny leiar av Arbeidsretten

Arbeids- og sosialdepartementet ser på Tron Løkken Sundet som særs godt kvalifisert for dei oppgåvene og utfordringane han får som leiar av Arbeidsretten.

Tron Løkken Sundet er utdanna cand. jur. frå Universietet i Bergen og har over ti års erfaring som nestleiar i Arbeidsretten. Han har og vore utreiar i Høgsterett. Sundet har solid innsikt i domstolsarbeid og Arbeidsrettens arbeid og ansvarsområde.

Utnemninga av Tron Løkken Sundet som leiar av Arbeidsretten skjer frå det tidspunktet departementet bestemmer.