Ungdom søkjer landbruket

Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag held fram. 20 prosent fleire ungdom har landbruksfag som sitt fyste studieval i år i samanlikna med 2015.

Tal frå Samordna opptak viser ein auke frå 385 til 461 søkjarar som har eit landbruksrelatert fag som sitt fysteval. Rekorden har studiet økologisk landbruk ved Høgskulen i Hedmark, med 110 fyrstevalsøkjarar. 

Tall frå byrjinga av august 2016 syner at 614 har fått tilbod om studieplass innanfor landbruksrelaterte fag ved dei norske studiestadene som tilbyr dette.   

– Dette er gledelige tal som syner at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane bidreg til godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Noko som igjen bør føre til gode resultat og god gjennomføring, seier landbruks- og matminister Dale.

Ved Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU) er det framleis nokre få ledige plasser på husdyrvitenskap, mens alle de andre landbruksfaga er fylt opp. Skogfaget har lange ventelister for andre år på rad -  293 søkjarar til 42 plasser. Høgskulen i Hedmark har óg opplevd auka interesse for skogfag, og det er venteliste både på skogfag og fleire av dei andre landbruksrelaterte utdanningane ved høgskulen. Universitetet Nord tilbyr landbruksutdanning i Steinkjer, og har på same vis som dei  andre studiestadene opplevd auke i fyrstevalsøkjarar. 

– Samarbeidet mellom NMBU, Høgskulen i Hedmark og Universitet Nord ser ut til å styrkje rekrutteringa til høgare utdanning, seier landbruks- og matminister Dale. 

Også aukande interesse for landbruksfag i vidaregåande skole

I følgje Utdanningsdirektoratet har talet på ungdom som søkjer seg til vidaregåande landbruksretta utdanning auka synleg. Antal søkjarar til programfag naturbruk i dei fylkeskommunale skulene har auka med 15 prosent frå i fjor til i år, ein forsterka trend frå dei siste par åra. Dei fylkeskommunale skulene kan i år tilby skoleplass til 1774 av dei 1932 søkjarane til programfaget naturbruk. I tillegg kommer søkjing til dei private naturbruksskulene, som óg melder om auke i søkjartala. 

- Eg er glad for den auka interessa for landbruksrelaterte fag på vidaregåande nivå. Dette er med på å leggje eit godt grunnlag for at landbruksnæringa framover kan få naudsynt kompetanse, seier landbruks- og matminister Dale.

Det norske landbruket treng ungdommen

– Norske gardsbruk er generasjonsbedrifter tufta på kunnskap, interesse og eit ønskje om å drive godt. Næringa treng fleire ungdom med høg kompetanse og hjarte for landbruk. Vist ikkje ungdomen ser for seg ein framtid i landbruket, vil vi ikkje ha ein landbruksnæring om nokre år. Interesse, høg kompetanse, teoretisk kunnskap og landbruksutdanning er viktig for å vidareutvikle næringa, seier landbruks- og matminister Dale.