Historisk arkiv

Utlysing av prosjektmidlar til språktiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

På statsbudsjettet for 2015 disponerer Kulturdepartementet prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga. Totalt har vi ein pott på 3,9 millionar kroner til fordeling til tiltak som kan vere med på å styrkje norsk språk, minoritetsspråka i Noreg og norsk teiknspråk.

Søknad om økonomisk støtte til tiltak kan sendast til Kulturdepartementet, postmottak@kud.dep.no, innan 1. september 2015.

Formålet med utlysninga

Departementet ønskjer med denne utlysninga å stimulere til tiltak som direkte eller indirekte kan bidra til å styrkje norsk språk, minoritetsspråka i Noreg eller norsk teiknspråk. Det kan søkjast støtte til alle slags tiltak, også til språkleg dokumentasjon.

Krav til søknaden

Institusjonar og organisasjonar av alle slag vil kunne søkje.

Søknaden må gjere greie for formålet med prosjektet, presisere nærmare kva resultat ein realistisk kan vente å oppnå, og gjere greie for eventuell vidare oppfølging.

Søknaden må innehalde spesifisert budsjett for prosjektet. Her må det mellom anna gå fram om det finst andre inntektskjelder. Det må såleis klargjerast om prosjektet vil vere fullfinansiert med det budsjetterte tilskotet frå departementet, eller om det står att å få avklart eventuelle bidrag frå andre kjelder.

Ved tildeling av tilskot må det i ettertid sendast inn fagleg rapport og rekneskap i samsvar med retningsliner for økonomiforvaltning og kontroll for tilskotsmottakarar som får tildelt prosjekt- eller investeringstilskot frå Kulturdepartementet i 2015. Slike retningsliner er fastsette av departementet 28. november 2014.

Det kan òg søkjast støtte til pågåande tiltak og aktivitetar. Vilkåret er at desse vil kunna gjere seg nytte av slik eingongsstønad og at det ikkje utløyser behov for framtidig stønad.

Nærmare informasjon

For nærmare informasjon om mål og tiltak i språkpolitikken viser vi til Stortingets behandling av St.meld. nr. 35 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009). Meldinga er tilgjengeleg her. 

Vi viser også til interpellasjonsdebatten om språkpolitikk i Stortinget 25. februar 2014 (sak nr. 11). Referatet er tilgjengeleg på nettsida til Stortinget.