Utlysing: Kulturdepartementet kårar årets nynorskkommune 2018

Prisen Årets nynorskkommune 2018 blir delt ut hausten 2018, og vinnaren får 100 000 kroner. Søknadsfristen er 1. november 2018.

Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. Prisen kan delast ut til anten ein kommune eller fylkeskommune, eller til to eller fleire kommunar eller fylkeskommunar saman som er i ein pågåande samanslåingsprosess.

Kven kan søkje om prisen?

Vi oppmodar kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform til å søkje.

Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som

 

  • gjer eller har gjort godt og medvite arbeid med nynorsk i samband med kommunesamanslåingar
  • bruker og synleggjer den nynorske målforma i kommunale planar
  • nyttar nynorsk aktivt i kommunikasjonsarbeid, til dømes på kommunens heimesider, i digitale tenester, i skriftleg informasjon til innbyggjarane eller i marknadsføring av kommunen eller fylkeskommunen
  • har utarbeidd eigne retningslinjer for nynorskbruk
  • har sett i verk tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • gir opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • tilbyr opplæring for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • driv aktiv marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • gjer ein innsats for nynorsk i barnehage og barneskule
  • har fått på plass tiltak som utvidar eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

Søknadsfristen er 1. november 2018.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å søkje igjen.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send han til post@sprakradet.no eller

Språkrådet
Postboks 1573 Vika
0118 Oslo

Kontaktperson:
seksjonssjef Margrethe Kvarenes,
Språkrådet, tlf. 22 54 19 74 / 948 94 789

Les meir om prisen på nettsida til Språkrådet

 

Til toppen