Utval skal sjå på opplæringslova

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på regelverket for grunnopplæringa og foreslå ei ny opplæringslov.

Reguleringa av skolen er brei og detaljrik. Det er meir enn 20 år sidan opplæringslova vart vurdert heilskapleg siste gong, og lova er blitt endra i snitt meir enn ein gong kvart år sidan lova var ny. Det er også gjennomført fleire reformer og andre tiltak. 

– Tida er inne for ein heilskapleg gjennomgang. Vi må sjå på heile regelverket på nytt for å styrke arbeidet med å utvikle kvalitet i skolen. Vi må ha ein god balanse mellom krav og mål på den eine sida, og lokal handlefridom på den andre sida. Regelverket må  fungere godt, samtidig som det gjer rom for nødvendig skoleutvikling, seier kunnskapsminister Henrik Asheim. 

Utvalet skal blant anna vurdere behovet for regulering av skolen, det skal sjå på korleis lova og forskrifta kan gjerast enklare og mindre detaljert, samtidig som ein skal ta vare på og beskytte dei rettane elevane har. Utvalet skal også foreslå overordna prinsipp for regelstyring. 

– Det er viktig at vurderingane og konklusjonane hjå utvalet blir vidareførde i framtidig styring av sektoren, slik at vi ikkje om 20 år må gjere ein ny gjennomgang. Prinsippa frå utvalet skal ha som formål å redusere behovet for hyppige endringar og utvidingar av regelverket, seier Asheim. 

Jon Christian F. Nordrum leiar

Universitetslektor Jon Christian Fløysvik Nordrum  ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo skal leie utvalet. Han har brei erfaring frå lovavdelinga i Justisdepartementet og frå utvalet som har vurdert og foreslått ny lovgiving for barnehagane. 

–Utvalet har fått eit breitt mandat til å gå gjennom regelverket som gjeld for skolen og å forslå ei ny opplæringslov. Det er ei krevjande, men viktig og meiningsfylt oppgåve, seier utvalsleiaren. 

Utvalet skal levere si utredning innan 1. desember 2019. 

Medlemmer i utvalet:

  1. Morten Holmboe, førsteamanuensis (Ullensaker)
  2. Jan Merok Paulsen, førsteamanuensis (Gjøvik)
  3. Anne Lise Fimreite, professor (Bergen)
  4. Kjetil Moen, ekspedisjonssjef (Oslo)
  5. Åslaug Krogsæter, rådmann (Eid)
  6. Arly Hauge, utdanningssjef (Kristiansand)
  7. Karin Tverå Juvik, rektor (Vefsn) 
  8. Ingvild Rønn Sætre, rektor (Hamar)
  9. Sølvi Mausethagen, førsteamanuensis (Oslo)

Mandat for offentleg utval.pdf