Utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar

37 byregionar med over 220 kommunar skal delta i utviklingsprogrammet for byregionar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordeler 87 millionar kroner til by- og senterregionar i heile landet.

 - Regjeringa vil fremme eit positivt samspel mellom byane og omlandet rundt for å legge betre til rette for vekst og utvikling, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Midlane skal gå til å utvikle strategiar og tiltak for regional vekst i by- og senterregionar. Det skal skje i samarbeid mellom kommunane i regionen og andre private og offentlege aktørar.

- Byar kan vere motorar for omlandet ved at vekst i byen fører til vekst i omlandet, men det er ikkje alltid den vegen veksten blir spreidd. Ofte er by og omlandet gjensidig avhengige av kvarandre. Vi veit at betre samspel i ein byregion kan gje positive vekstprosessar, men at dette ikkje nødvendigvis går av seg sjølv. Det må ei villa handling til, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut om lag 87 millionar kroner fordelt på 37 byregionar, som har søkt om å bli med i programmet. Sju av regionane har ikkje vore med i programmet tidlegare.

Første fase av programmet blei gjennomført i 2014. I denne fasen vart samhandlinga over kommunegrensene styrkt ved at deltakar­ane måtte sjå heile regionen som eit samanhengande område. Saman valte dei eit eller fleire samfunnsområde dei vil satse på i fase 2.  Den andre fasen skal vare i tre år.

-   Det gler meg at så mange by- og senterregionar ynskjer å utvikle det positive samspelet. Dei neste åra skal dei utvikle strategiar og tiltak innanfor område som kan føre til regional vekst, og som dei sjølve har prioritert. Eksempla frå Tromsøregionen og Kristiansundregionen viser spennande initiativ. Eg er spent på resultata, seier Sanner.

Nokre eksempel på kva regionar skal gjere:

  • Tromsøregionen (kommunane Tromsø, Karlsøy, Balsfjord, Lyngen, Storfjord) skal jobbe med innovasjon og næringsutvikling, mellom anna mat frå sjø og land, opplevingsnæringar, industrimiljø og næringsklynger.
  • Kristiansundregionen (kommunane Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Halsa, Smøla) vil jobbe med å styrke Kristiansund sin senterfunksjon, tenestesamarbeid og planstrategi for areal og næringsutvikling.
  • Arendalsregionen (kommunane Arendal, Grimstad, Tvedestrand, Risør, Gjerstad, Vegårdshei, Åmli) vil utvikle eit felles apparat for næringsutvikling, næringsklynger og etablerarteneste.

Byregionane skal lære av kvarandre gjennom nettverk med andre byregionar i utviklingsprogrammet. Nettverka vil bli etablert og drifta av Kompetansesenter for distriktsutvikling.

- Utviklingsprogrammet er for departementet også eit ledd i utviklinga av ein regionalpolitikk for konkurransekraftige byar og distrikt, seier statsråd Sanner.

Byregionane vil bli inviterte til ei oppstartsamling i Oslo den 24. september.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.