Historisk arkiv

Vald og overgrep mot barn og unge - omfang og utviklingstrekk 2007-2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Velferdsforskningsinstituttet NOVA har lansert sin fyrste rapport knytt til Justis- og beredskapsdepartementet sitt forskingsprogram om vald i nære relasjonar (2014-2019).

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen mottok rapporten på eit lanseringsseminar på HIOA, 8. juni 2016.

Rapporten presenterer ny kunnskap om utviklingstrekk knytte til vald frå foreldre, vitneerfaringar og seksuelle overgrep. Det empiriske grunnlaget er dei to NOVA-undersøkingane UngVold 2007 og UngVold 2015, gjennomførd blant 18-19-åringar på vidaregåande skule.

Rapporten viser at vald og overgrep rammar ein omfattande del unge. Den viser vidare at mild vald frå foreldre er redusert frå 2007 til 2015, mens grov vald har omtrent same omfang. Omfanget av vitneerfaringar og seksuell vald er ikkje vesentleg endra i perioden. Ein stor del av den seksuelle valden finn stad blant jamaldra.

Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007-2015 (PDF)