Historisk arkiv

Vil finne ut om Noreg kan skyte opp satellittar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa vil gje Andøya Space Center eit lån på 20 millionar kroner. Pengane skal brukast til å finne ut om det er mogleg å skyte opp småsatellittar frå Andøya.

Frå ei oppskyting på Andøya
Frå ei oppskyting på Andøya Foto: Andøya Space Center

Ein oppskytningsbase for satellittar kan gje mange varige, lønsame arbeidsplassar på Andøya. I tillegg inneberer det store moglegheiter for norsk høgteknologisk næringsliv, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Dei seinare åra har det vore ei endring i utviklinga av satellittar. Frå at satellittar tidlegare var store og svært kostbare, byggjast det i dag ei mengde små og rimelege satellittar. Døme på slike småsatellittar er dei norske satellittane som mellom anna brukast til skipsovervaking.

I dag er ein gjerne avhengig av å få haik med ein stor rakett for å få sine småsatellittar opp i bane. Andøya Space Center har i fleire år jobba med eit prosjekt for å byggje ein oppskytingsbase for småsatellittar på Andøya. Det står framleis att eit større arbeid for å avklare om ein slik base kan etablerast på kommersielt grunnlag. Arbeidet er ressurskrevjande, og regjeringa forslår difor å gje Andøya Space Center eit ansvarleg lån for å gjennomføre dei nødvendige attståande utgreiingane. Lånet skal gis på marknadsmessige vilkår.

– På Andøya har vi eit høgteknologisk miljø som har mange tiår med erfaring med å skyte opp forskingsrakettar. Eg er difor spent på å sjå kva Andøya kan få til, seier Røe Isaksen.

Andøya Space Center er eit selskap med mål om å styrkje norsk forsking og høgteknologisk næringsliv gjennom drift og vidareutvikling av infrastruktur for teknologitesting og naturvitenskapleg forsking. Andøya Space Center leverer oppskytings- og testtenester til kundar over heile verda. Selskapet er eid 90 prosent av Nærings- og fiskeridepartementet og ti prosent av Kongsberg Defence og Aerospace.