Vil heve aldersgrensa for rett til ettervern i barnevernet til 25 år

Regjeringa vil i høyringsnotatet til ny barnevernslov foreslå å utvide retten til ettervern i barnevernet frå 23 til 25 år. Det vert også foreslått å tydeleggjere at retten til ettervern gjeld dei som har eit særleg behov for hjelp frå barnevernet til ein god overgang til vaksenlivet.

Statsminister Erna Solberg og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland på besøk hjå Landsforeningen for barnevernsbarn.
Statsminister Erna Solberg og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland på besøk hjå Landsforeningen for barnevernsbarn.

- Utsette barn og unge skal ha rett til god oppfølging også etter at dei fyller 18 år. Vi veit at unge som får meir oppfølging frå barnevernet etter dei blir 18 år klarer seg betre seinare i livet enn unge som ikkje får slik oppfølging. Derfor meiner eg vi bør utvide aldersgrensa frå 23 til 25 år, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Overraska Landsforeningen for barnevernsbarn

Landsforeningen for barnevernsbarn er blant dei som har kjempa for å heve aldersgrensa for kor lenge barnevernsbarn har krav på ettervern og at retten til ettervern skal lovfestast. Tysdag var statsminister Erna Solberg og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland på eit førjulsbesøk for å overbringe nyheita om at dei no langt på veg blir høyrt.

- Eg er imponert over den innsatsen Landsforeningen har lagt ned for dette. Vi treng organisasjonar som dykk som får fram erfaringane frå dei unge som sjølv har eller har hatt tiltak frå barnevernet. Dykkar stemme er viktig, seier statsminister Erna Solberg.

- Vi ser at mange unge treng meir støtte og hjelp over lengre tid for å mestre overgangen til vaksenlivet, det har også Landsforeningen fortalt oss. Dei fleste tek for gitt at dei har foreldre som kan hjelpe dei med å flytte eller nokon å ringe til når eksamensnervane vert for store. Vi vil gi barnevernsbarn eit tilbod meir på linje med det dei fleste unge i Noreg i dag får av sine foreldre, seier Helleland.

Styrker retten til ettervern

Etter dagens barnevernlov kan ein oppretthalde eller erstatte tiltak i barnevernet fram til fylte 23 år dersom tiltaka vart sett i verk før barnet fylte 18 år. I forslaget til ny barnevernlov vil regjeringa altså utvide aldersgrensa til 25 år.

Frå 1. juli 2018 er barnevernlova ei rettigheitslov for barn. Barn har rett til naudsynte tiltak frå barnevernet når vilkåra for tiltaket er oppfylt. Dette gjeld også ettervern.

Regjeringa vil tydeleggjere når ungdom har rett til ettervern i ny lov. Retten til ettervern gjeld dei ungdommane som har særleg behov for hjelp frå barnevernet til ein god overgang til vaksenlivet. Det skal ikkje vere ein tidsfrist for når dei unge kan ombestemme seg og få ei ny vurdering av behovet for ettervern. Barnevernstenesta i kommunane må vurdere om dei skal gi ettervern utifrå ungdommen sitt behov og mandatet til barnevernet.

Statsminister Erna Solberg, leiar i Landsforeningen for barnevernsbarn Vilde Adolfsen og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland
Statsminister Erna Solberg, leiar i Landsforeningen for barnevernsbarn Vilde Adolfsen og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.
Til toppen