Vil styrke kompetansen til alle tilsette i barnehagen

Regjeringa vil at alle tilsette i barnehagane skal få utvikle kompetansen sin. – Vårt mål er å sikre alle barn eit godt barnehagetilbod. Da må alle som jobbar i barnehagane ha nødvendig og oppdatert kunnskap for å gi barna god oppfølging, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

No har regjeringa revidert kompetansestrategien for tilsette i barnehagane for perioden 2018 – 2022. Det er for å gjere barnehagane enda betre i stand til å møte krava i den nye rammeplanen for barnehagen. Planen tredde i kraft 1. august 2017, og stiller tydelegare krav til at barnehagane må ha eit systematisk pedagogisk arbeid.

Karriereveier i barnehagen

Strategien har tiltak retta mot alle grupper tilsette i barnehagen. Strategien har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå.

Satsar på kompetanseheving på arbeidsplassen

Den reviderte strategien har fleire overordna føringar. Strategien er blant anna tydeleg på at alle tilsette i barnehagen skal få høve til å utvikle kompetansen sin, og at barnehageeigarar skal leggje til rette for dette.

Strategien legg opp til å styrke dei barnehagebaserte kompetansetiltaka på sikt.

– Innføring av den nye rammeplanen skjer først og fremst i den enkelte barnehage. Det er derfor viktig at dei tilsette får utvikle kompetansen sin i fellesskap med kollegaer i barnehagen der dei jobbar. Det vil gjere det lettare å finne gode lokale løysingar for korleis dei kan styrke innhaldet i barnehagen, seier Røe Isaksen.


Regionale samarbeidsfora

Strategien er tydeleg på at aktørane skal samarbeide om å utvikle gode kompetansetiltak for dei tilsette. I løpet av strategiperioden skal Fylkesmannen  leggje til rette for utvikling av regionale fora for samarbeid. Der skal kommunale og private barnehageeigarar samarbeide med relevante aktørar i barnehagesektoren og bli samde om kompetansetiltaka dei vil prioritera. På sikt vil regjeringa stille krav om at det finnast regionale fora for samarbeid for at barnehagane skal kunne motta pengar til tiltak i barnehagane. 

Fire satsingsområde

Strategien har fire tematiske satsingsområde for barnehagebaserte kompetanseutvikling. Det er behova til barnehagane som skal liggje til grunn for val av satsingsområde:

- Barnehagen som pedagogisk verksemd
- Eit inkluderande miljø for omsorg, lek, læring og danning
- Språk og kommunikasjon
- Barnehagens verdigrunnlag

Disse områda må sjåast i samanheng med pågåande nasjonale satsingar slik som realfag, språk og arbeidet mot mobbing.

Frå 2013 til 2017 har regjeringa meir enn dobla innsatsen til kvalitets- og kompetansetiltak i barnehagen, frå 165 millionar kroner til 400 millionar kroner. Det er satt i gang nye kompetansetiltak, til dømes fagskoleutdanningar for barnehagetilsette, og fleire vidareutdanningstilbod for barnehagelærarar.

 Kompetansestrategi for barnehage 2018 - 2022.pdf