Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil styrke vernet av natur og kulturminne på Svalbard

Regjeringa vil stramme inn miljøregelverket for Svalbard. Målet er å styrke vernet av den unike og sårbare svalbardnaturen og kulturminna på øygruppa.

-       Måla for miljøvernet på Svalbard ligg fast. Fauna, flora og kulturminne skal bevarast tilnærma urørt. Men klimaendringar og auka ferdsel truar det sårbare, arktiske miljøet. Skal vi verne eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, må vi styrke miljøregelverket, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). 

Regelverket vi har i dag vart utarbeidde i ei tid med langt mindre ferdsel. Den samla belastninga truar no den sårbare naturen og kulturminna på Svalbard. Derfor har Klima- og miljødepartementet bedt Miljødirektoratet, Norsk polarinstitutt, Riksantikvaren og Sysselmannen på Svalbard utarbeide eit forslag til innskjerpingar i miljøregelverket for Svalbard. Miljødirektoratet skal leie arbeidet. Målet er å sende ut eit høyringsnotat i løpet av 2020. 

-       Den samla belastninga av ferdsel på Svalbard er no så stor at det er viktig å sjå på miljøregelverket på nytt for å styrke vernet av natur og kulturminne. Det er ei stor, men heilt nødvendig, oppgåve vi har gitt direktorata og Sysselmannen, seier Rotevatn. 

Blant tiltaka direktorata og Sysselmannen skal vurdere, er ulike former for ferdselsforbod, innskjerping av reglane om forstyrring av isbjørn og regulering  av avstand for andre artar enn isbjørn.  Direktorata og Sysselmannen skal òg vurdere endringar i motorferdselsregelverket og regulering av andre former for ferdsel som kan påverke natur og kulturminne.

Samtidig skal Klima- og miljødepartementet greie ut eit generelt forbod mot tungolje på Svalbard og spørsmålet om det er behov for tilpasningar i regelverket om storleiksavgrensingar på skip. Det er i dag eit forbod mot bruk av tungolje innanfor dei store naturreservata og nasjonalparkane på øygruppa, og det er reglar om at skip ikkje kan ha meir enn 200 passasjerar om bord i naturreservata aust på Svalbard. Ei ulykke med utslepp av tungolje kan likevel få uopprettelige miljøkonsekvensar òg viss utslepp skjer utanfor eit verneområde. Det er derfor viktig å greie ut moglegheita for eit tungoljeforbod på heile Svalbard. Utviding av regelverket om storleiksavgrensingar på skip i verneområda er òg blant tema som skal vurderast. 

Direktorata og Sysselmannen vil på vanleg måte legge opp til dialog og gi moglegheiter til å komme med innspel undervegs i arbeidet. Det vil òg vere mogleg å komme med innspel når forslaga blir lagde ut på offentleg høyring

Til toppen