Historisk arkiv

Vinje i Telemark er årets nynorskkommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har kåra Vinje kommune i Telemark til årets nynorskkommune. Statssekretær Jan-Christian Kolstø overrekte i dag prisen på 100 000 kroner til Vinje kommune, ved ordførar Jon Rikard Kleven.

Gruppebiletet frå overrekkinga av prisen
Frå venstre: Statssekretær Jan-Christian Kolstø, ordførar Jon Rikard Kleven, skodespelar Lise Fjeldstad, ass. rådmann Anders Sandvik og artist Tom Roger Aadland. Foto: Maja Grabia/Kulturdepartementet

Vinje kommune er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, kommunen har òg nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.

Juryen seier Vinje kommune fører vidare ein rik kulturarv. På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegne av Kulturdepartementet. I juryen sit òg representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Les meir om prisen på nettsida til Språkrådet