Historisk arkiv

Vinstra har den beste sjukeheimsmaten i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Sundheim bo- og treningssenter på Vinstra i Gudbrandsdalen er kåra til vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Om lag 200 institusjonar deltok i konkurransen i år, og fem finalistar kjempa om fyrstepremien på 30 000 kroner.

– Sundheim er ein verdig vinnar og viser korleis matglede skapast i praksis til glede for både bebuarar og nærmiljøet på Vinstra. Måltidsglede er viktig og konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk skal bidra til at eldre får servert personlig tilpassa måltider av høg kvalitet kvar dag, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.    

Gylne Måltidsøyeblikk har i år vore eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Forbrukerrådet. 

Glade vinnarar på Sundheim bo- og treningssenter saman med statsseretær Terje Halleland.
Glade vinnarar på Sundheim bo- og treningssenter saman med statsseretær Terje Halleland i Landbruks- og matdepartementet. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Maten si betyding

Konkurransen skal bidra til auka bevisstheit om maten si betyding for trivsel og helse for hjelpetrengande eldre menneske. Ved sia av bevisstheit rundt maten, er bebuarane og pårørande si moglegheit til å påverke kva dei får å ete også evaluert. God mat og moglegheit for sjølv å påverke kva som står på menyen gir matglede. 

Det er viktig at måltidet vert eit høgdepunkt og ikkje bare eit haldepunkt i kvardagen. Underernæring er ein stor utfordring blant eldre. Sundheim bu- og treningssenter tek dette på alvor. Kjøkkensjefen går kvar dag rundt og ber om innspel fra beboerane om kva han bør servere. Ut i fra deira ynskjer serverer han dei lekraste retter, seier Randi Flesland direktør i Forbrukerrådet. 

Kjøkkenet serverer jamt norsk tradisjonsmat frå egen region og ønskjer i større grad å ta i bruk lokale råvarer
Kjøkkenet serverer jamt norsk tradisjonsmat frå egen region og ønskjer i større grad å ta i bruk lokale råvarer. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Juryen si grunngjeving for valet

"Sundheim er ein god stad å bu. Maten er velsmakande og vakkert tilrettelagt. Bebuarane gir klart uttrykk for om maten fell i smak. Dei kjem med ønskje om rettar og råvarer når dei tilsette på kjøkkenet dagleg er rundt på avdelingane, noko som bidreg til stor glede og involvering i menyplanlegginga i praksis. Dei pårørande er velkomne til alle måltid.  

Kjøkkenet ser ut til å være institusjonen sitt hjarte både for dei som bur der fast, dei som kjem frå omsorgsbustadar rundt om, og dei som brukar staden som si kantine. Kjøkkenet er ein ressurs i lokalsamfunnet. Kjøkkensjef Espen Sætha er ei eldsjel som har mange planar for korleis kjøkkenet kan utviklast, mellom anna ved å levere mat til barnehage og skule. Ekstra inntekter kjem frå sal av mat til ulike arrangement som bygdefest, dåp eller gravferd. Kjøkkenet serverer jamt norsk tradisjonsmat frå egen region og ønskjer i større grad å ta i bruk lokale råvarer ". 

Ut frå eit spørjeskjema om mat, måltidsinnredningar, brukarmedverking, pårørande si moglegheit til å ete med sine, samt bruk av lokalmat, blei fem finalistar valt ut. Dei var:

  • Gloppen omsorgssenter i Sogn og Fjordane.
  • Løten helsetun i Hedmark
  • Vanylven helse- og omsorgssenter i Møre- og Romsdal
  • Økernhjemmet i Oslo 
  • Sundheim bo- og treningssenter i Oppland.

Alle finalistane blei besøkt av ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerrådet, Pårørandeaksjonen og Landbruks- og matdepartementet for å få eit totalinntrykk av kandidatane. 

Juryen besto av: Statsråd i Landbruks- og matdepartementet Jon Georg Dale, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Fredrik Wang Gierløff, direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet, kokk Inge Johnsen frå Liantunet, Birgitta Fyrand frå Pårørandeaksjonen og Bård Hoksrud, Stortinget. Juryen si grunngjeving var samstemt.