Historisk arkiv

Yrkessjåførar med syn på eitt auge skal få fortsette å jobbe som tungbilsjåførar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Yrkessjåførar med syn på eitt auge som har køyrt bil i mange år, skal framleis ha høve til dette. Vi kan ivareta tryggleiken i trafikken samstundes som vi ikkje tvinger dei det gjeld ut av yrket som sjåfør. Det handlar om arbeidsplassane til folk.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil leggje til rette for framleis å kunne gi unntak frå helsekrava for førarkort for lastebil og buss for personar med syn på eitt auge. Det har i mange år blitt stilt krav om syn på begge auge for å få førarkort til lastebil og buss. Det er likevel ein del sjåførar som har fått unntak. Etter gjeldande reglar kan det ikkje bli gitt unntak lenger enn 30. september 2019.

– Vi vil leggje til rette for at det også utover 30. september 2019 skal vere mogeleg å forlenge allereie innvilga unntak til førarar med syn på berre eitt auge, seier Dale.

Framleis krav om medisinsk vurdering og praktisk køyrevurdering

For å ivareta tryggleiken skal det framleis vere slik at dei aktuelle førarkortinnehavarane skal gå igjennom ein individuell medisinsk fagleg vurdering og som hovudregel gjennomføre praktisk køyre­vurdering før dispensasjonen kan bli forlenga.

Helsedirektoratet skal saman med Vegdirektoratet utarbeide og gjennomføre høyring av framlegg om endringar. Det blir lagt opp til at endringar skal kunne vere på plass i god tid før 30. september 2019.