Kontakt Helse- og omsorgsdepartementet
Adresse for besøk:
Teatergata 9
Postadresse:
Postboks 8011 Dep
0030 Oslo
E-post:
Ansatte i HOD: Depkatalog (depkatalog.no)
Send presseførespurnader til info@hod.dep.no
E-post til Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet er forplikta til å behandle alle dokument, inkludert e-post, i samsvar med føresegna i offentleglova (lovdata.no). Det betyr mellom anna at alle departementet sine saksdokument, inkludert all korrespondanse til og frå departementet, som hovudregel er offentlege.
Den som ønsker det, kan be om innsyn i departementet sine saksdokument etter offentleglova. Send derfor ikkje brev eller e-postar til departementet med informasjon som du ikkje ønsker skal bli allment kjent.
Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, vil desse bli stroke før det blir gitt innsyn i dokumentet. Opplysningar om nokon si helsetilstand, og opplysningar om at nokon er eller har vore pasient, er alltid teiepliktige.
Departementet er etter arkivlova (lov av 4. desember 1992 nr. 126) (lovdata.no) forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå departementet bli ført opp. Følgande opplysningar går som hovudregel fram av offentleg journal: Avsendar sitt namn, mottakar sitt namn, dokumentet sin dato og ei kort skildring av dokumentet sitt innhald. Journalen blir likevel alltid ført på ein slik måte at den ikkje røper teiepliktige opplysningar.
Vil du ha eit skriftleg svar, må du oppgi namn og ordinær postadresse.
E-post - virus og spam
Helse- og omsorgsdepartementet har iverksett tekniske sikringstiltak mot datavirus og spam. Sikringstiltaka kan føre til at e-post som verken er spam eller inneheld datavirus blir stoppa.
Verken e-posten sin avsendar eller adressat vil i slike tilfelle få informasjon om at sendinga ikkje har kome fram. Dersom du mistenker at di førespurnad ikkje har kome fram - ta telefonisk kontakt med departementet eller adressaten direkte.
Telefon
Sentralbord (+47) 22 24 90 90
E-post til tilsette
For å unngå at såkalla spam-robotar skal lese e-postadressa til alle tilsette i departementet, blir ikkje fullstendige lister lagt ut på våre sider. For å sende e-post til tilsette, ber vi deg derfor lese informasjonen under.
E-postadresse: fornamn.etternamn@hod.dep.no
Regelen for e-postadressene er slik: Fornamn1-fornamn2.etternamn1-etternamn2@hod.dep.no
Bokstavane æ – ø – å blir omskrivne slik:
æ = a
ø = o
å = a
For oversikt over tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet, sjå Depkatalog (depkatalog.no).