Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap)

Adresse: Akersgata 59, 0033 Oslo
E-post: postmottak@oed.dep.no
Telefon: 22 24 61 00

Født: 1975
Tiltrådte: 14.10.2021

Olje- og energiministeren skal sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane i landet.

Marte Mjøs Persen (f. 1975) blei torsdag 14. oktober utnemnd til ny statsråd i Olje- og energidepartementet i Jonas Gahr Støres regjering. Marte Mjøs Persen var ordførar i Bergen frå 2015 og fram til i hausten 2021, då ho blei vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland valkrets. Ho er leiar for Vestland Ap og sit også i sentralstyret i Arbeidarpartiet. Ho har også vore leiar av Arbeiderpartiet i Bergen mellom 2011-2015. 

Mjøs Persen har mange års erfaring som folkevald i bystyret i Bergen, og som tillitsvald og fagorganisert i LO.

Ho har studert litteraturvitskap og sosiologi, og har ein bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare også jobba i hotell- og restaurantbransjen, og som organisasjonssekretær for bl.a. Human-Etisk Forbund.

Marte Mjøs Persen er gift, har fire barn og er busett i Bergen.