Busetjing av flyktningar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har det statlege ansvaret for busetting av flyktningar.

Kvart år oppmodar IMDi norske kommunar om å busetje flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg. Oppmodingane er basert på berekna behov for busetjing, og byggjer på prognosar for tal på asylsøkjarar og kvoten for overføringsflyktningar.

IMDi ba alle kommunar om å ta imot til saman 37 000 flyktningar i 2024.  I 2023 vart det busatt 33 701 flyktningar. Av desse var 29 730 fordrevne frå Ukraina. I 2022 vart det busett 31 258, mens det i 2021 vart busett 4 489.

Busetjing av flyktningar frå Ukraina

Til skilnad frå dei seinaste åra, vert alle norske kommunar oppmoda om å busette flyktningar i 2022 og 2023. Det er gjort fleire forenklingar for at kommunane skal kunne busetje rekordmange flyktningar. Mellom anna vedtok Stortinget midlertidige endringar i fleire lover, som samla vil bidra til å gjere det enklare for kommunane å busetje raskare og handtere den ekstraordinære situasjonen.

For informasjon om busetjing av ukrainske flyktningar på ukrainsk og engelsk sjå IMD sine nettsider.

Mål for busetjingsordninga for flyktningar

Det er eit mål at alle flyktningar skal verte busett så raskt som mogleg etter innvilga opphald. Einslege mindreårige og familiar med barn er prioriterte grupper i busetjingsarbeidet. Busetjinga skal og vere treffsikker, det vil seie at flyktningane skal verte busett i kommunar med relevant tilbod om kvalifisering, utdanning, arbeid eller anna tenestetilbod. I tillegg skal busetjinga vere styrt, og spreidd over heile landet.

Eit nasjonalt utval for mottak og busetjing av flyktningar

Det er frivillig for kommunane å busetje flyktningar. Arbeidet med mottak og busetjing av flyktningar i kommunane er nedfelt i ein samarbeidsavtale mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og KS. Avtala vert fulgt opp av Nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar, som er leia av IMDi og har eit likt tal representantar frå staten og frå kommunesektoren.

På bakgrunn av prognosar fastsett Nasjonalt utval kor mange flyktningar kommunane samla skal verte oppmoda om å busetje det komande året. Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastsett kriterier for oppmoding om busetjing på bakgrunn av tilråding frå det nasjonale utvalet. Desse kriteria legg føringar for fordeling av talet på plassar på kommunenivå.

Fylkeskommunene tilrår kor mange flyktningar som bør verte busett i den enkelte kommune i fylket. IMDi samarbeidar med KS om oppmodinga, og skal leggje stor vekt på tilrådinga frå fylkeskommunen.

Kommunane busett flyktningar

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. På bakgrunn av oppmoding frå IMDi, fattar kommunane politisk vedtak om kommunen vil busetje og om kor mange personar kommunen ynskjer å busetje. IMDi inngår avtale om busetjing av einskildpersonar med kommunane som har vedtatt å busetje flyktningar. Ved busetjing tilbyr kommunen som regel bustad, i tillegg til lovpålagte kommunale tenester etter sektorregelverket.

Dei som vert busett er personar som er innvilga opphald etter søknad om beskyttelse i Noreg, og overføringsflyktningar.

Einslege, mindreårige flyktningar under 15 år

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som kjem til Noreg. Barna får eit bu- og omsorgstilbod i tilpassa omsorgssenter.

IMDi har ansvaret for å finne kommunar som kan busetje einslege mindreårige flyktningar. Ansvaret for busetjing av den einskilde einslege mindreårige er delt mellom IMDi og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). IMDi busett dei einslege mindreårige som bur i mottak i regi av Utlendingsdirektoratet, ofte dei over 15 år. Bufetat, det vil seie direktoratets regionkontor, har ansvaret for den konkrete busetjinga av dei som er under 15 år. Etatens overordna mål er å busetje barna i rett kommune, med rett tiltak etter vedtak om opphald. Med dette meinast den kommunen som i størst mogleg grad tryggjer barnets omsorgs- og hjelpebehov, som tek omsyn til barnets slektsforhold og som er tilpassa barnets alder.

Integreringstilskot til kommunane

Kommunane mottar tilskot frå staten ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. I tillegg får kommunane tilskot for familiesameinte til desse gruppene. Det gjeld både dei som kjem til Noreg samstundes med hovudpersonen og dei som vert sameinte på eit seinare tidspunkt. Tilskota skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til busetjing og integrering i busetjingsåret og dei fire neste åra. 

Kommunar som tek i mot flyktningar som krev særskilt tilrettelegging og stor grad av oppfølging, til dømes på grunn av helse, uførleik, krigsskadar og liknande, kan søkja om ekstratilskot.