Historisk arkiv

E16 Bagn – Bjørgo i Valdres: Kortare reisetid, tryggare og betre veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Med utbygging av E16 Bagn – Bjørgo blir det tryggare og betre standard der det i dag er ein svingete og smal veg og der det meste av strekninga manglar gul midtstripe. Prosjektet er viktig for trafikk mellom Austlandet og Vestlandet og for trafikk innan og til og frå Valdres. Etter regjeringsskiftet løyvde vi auka midlar for raskare planlegging. Nå er vi klar for vedtak i Stortinget om bygging.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av E16 Bagn – Bjørgo i Oppland.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.  

Prosjektet omfattar dels omlegging og dels utbetring av dagens om lag 11 kilometer lange strekning Bagn  – Bjørgo til tofelts veg med 8,5 meter breidd. Utbygginga fører til at E16 blir innkorta med 1,2 kilometer.

Prosjektet er siste del av utbygginga av E16 på den om lag 21 kilometer lange strekninga Fønhus – Bagn – Bjørgo i dei to  kommunane Sør- og Nord-Aurdal. Første etappe, den 10 kilometer lange strekninga Fønhus – Bagn i Sør-Aurdal kommune, medrekna skredsikring ved Bergsund, blei opna for trafikk i desember 2014.  

4,3 kilometer tunnel, nye bruer, skredsikring og utbetringar 

På E16 frå nord for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune og opp til garden Klosbøle skal det byggjast ein 4,3 kilometer lang tunnel. Derfrå følgjer utbygginga i hovudsak dagens trasé fram til Bjørgo i Nord-Aurdal kommune, med bygging eller ombygging av fleire kryss, bygging av ei 150 meter lang bru over Begna og fleire mindre bruer og undergangar.

I tillegg kjem etablering av busslommer, omlegging av fleire avkøyrsler, bygging av skogsvegar med tømmervelteplassar og støytiltak. På dagens veg vil det bli gjennomført utbetringar i form av utskifting av rekkverk, skredsikring og grøfterensk. Der ny E16 går i tunnel, vil dagens veg vere eit tilbod for gåande og syklande.    

Kostnadsoverslag: 1,44 milliardar kroner

Prosjektet er rekna å koste i alt 1,44 milliardar 2015-kroner. I tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar. 

Rentekompensasjon for bompengelån – skal komme trafikantane til gode

- Det er i Nasjonalt transportplan lagt opp til delvis bompengefinansiering av prosjektet. Regjeringa har likevel som mål å byggje meir veg og med lågare bompengedel, noko som kjem denne vegen til gode. I fjor blei det varsla at den statlege delen ville auke med 120 millionar kroner, slik at bompengetaksten blir redusert frå 72-77 kroner  til om lag 52-57 kroner. I tillegg vil prosjektet kunne få ytterlegare fordel frå bompengereforma som regjeringa har lagt fram. I reforma er det foreslått at staten tar ein del av renteutgiftene i lånefinansierte bompengeprosjekt. Regjeringa legg vidare opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dermed bidrar vi til at meir av bompengane går til reine vegformål og mindre til administrasjon og finansiering, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Fleire opplysningar og kartskisser: Prop. 140 S (2014-2015) Forslag om utbygging og finansiering av E16 på strekningen Bagn – Bjørgo i Oppland