Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag til Stortinget for å styrkje arbeidet med å sikre jernbanen mot terrorhandlingar og andre tilsikta uønskte handlingar.

Nye krav til jernbaneaktørane
Samferdselsdepartementet har difor føreslått endringar i jernbaneloven som gjer det mogeleg å etablere nærmare krav til jernbaneaktørane for å sikre jernbanen mot slike handlingar.

Det er lagt opp til at Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at dei nye endringane blir overhaldne.

Samferdselsdepartementet tek sikte på at dei nye endringane skal tre i kraft frå 1. juli 2015.  


For fleire opplysningar - sjå: