Historisk arkiv

Rapport om køyring med breie landbruksmaskiner på offentleg veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ei arbeidsgruppe har vurdert om det trengst nye reglar for køyring med breie landbruksmaskiner på offentleg veg. Forslaget frå gruppa vert no sendt på høyring. Landbruksnæringa har i dag behov for å køyre meir og lengre langs offentleg veg, og ofte med større maskiner og utstyr enn tidlegare.

I mars i år oppnemnde Samferdselsdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle sjå på  korleis ein best kan utforme regelverket for køyring med breie landbruksmaskiner på offentleg veg. No har arbeidsgruppa levert sin rapport, og har primært fire forslag til tiltak.

Bakgrunnen for at departementet ville sjå nærare på utforminga av regelverket for køyring med landbruksmaskiner med breidde mellom 2,55 m og 3,50 m, er dei store endringane som har skjedd i det norske landbruket dei siste tiåra. Utviklinga har gått i retning av færre, større og meir spesialiserte bruk. Langt fleire leiger areal, eller driv i samdrift- eller andre samarbeidsløysingar.

Utviklinga har ført til at landbruksnæringa har behov for å køyre meir og lengre langs offentleg veg, og ofte med større maskiner og utstyr enn tidlegare.

Rapporten til arbeidsgruppa er no overlevert til politisk leiing i Samferdselsdepartementet og vil bli sendt på høyring, med frist 15. desember 2009.

I rapporten tilrår gruppa at avstandsavgrensinga som gjeld for køyring med landbruksmaskiner med breidde mellom 2,55 m og 3,50 m blir oppheva, men at dette berre kan skje på bestemte vilkår, t.d. fartsgrense 30 km/t, merking og varsling. Gruppa tilrår også at det blir innført ei  generell rushtidsavgrensing tilpassa lokale forhold, og at køyring med tvillinghjul og breie dekk blir regulert nærare. Gruppa meiner også det må skiljast mellom bruk av landbruksmaskiner i entreprenørverksemd tilknytt landbruket og bruk av landbruksmaskiner i anna type næring. Det er dissens på fleire av tiltaka.

– Me ryddar no opp i dette regelverket som har vore uklart og vanskeleg å praktisere. Rapporten har  ikkje vore politisk handsama, det vil skje etter høyringa. Eg er difor oppteken av at ein får ei brei og god høyring. Det er viktig for meg å få på plass løysingar som ikkje er kostnadsdrivande for landbruket og som ikkje legg større hindringar i vegen for landbruket enn det som er naudsynt ut frå omsynet til trafikktryggleiken, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.    

For fleire opplsyningar - sjå:

For meir informasjon - ta kontakt med:

  • Statssekretær Geir Pollestad, mobil: 402 28 595