Noreg støttar Ukraina med langtrekkjande artilleri og radarar

Noreg gir tre artillerilokaliseringsradarar og åtte langtrekkjande rakettartilleri av typen MLRS. Donasjonane skjer i tett samarbeid med Storbritannia.

– Vi må halde fram vår støtte til Ukraina slik at dei kan halde fram kampen sin for fridom og sjølvstende. Det trengst meir våpen, og dette er høgt etterspurde kapasitetar for Ukraina som vi ikkje hadde fått til utan eit tett samarbeid med Storbritannia, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Noreg har tidlegare donert tre MLRS-skyts til Storbritannia. Saman med dei åtte som no vert donert, bidreg dette til å auke evna Storbritannia har for å halde fram med sin støtte til Ukraina.

– Dette er eit våpen som har hatt ein stor verknad i striden, og gitt Ukraina høve til å avgrense russiske forsyningslinjer og dessutan å slå ut ei rekkje viktige mål bak frontlinjene, seier Gram.

MLRS
Arkivbilde fra skyting med MLRS på Setermoen skytefelt. Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

Noreg har også vedteke å donere tre Arthur radarar frå Forsvarets lager til Ukraina. Desse radarane blir brukte til å lokalisere fiendtleg artilleri. Donasjonen vil gjennomførast i samarbeid med Storbritannia, som også tidlegare donert denne typen radarar til Ukraina.

- Det ukrainske folket har vist ei imponerande motstandskraft. Kampen deira er også kampen vår – for fridom, demokrati og tryggleik, seier forsvarsministeren.

Forsvaret er i ferd med å erstatte sine Arthur artillerilokaliseringsradarar med nye. Det pågåande investeringsprosjekt skal etter planen levere nye artillerilokaliseringsradarar til Forsvaret i 2024 og 2025. MLRS er utrangert av Forsvaret og derfor ikkje ein del av den militære strukturen