Vegopning: Samferdselsministeren opna Rv. 4 mellom Roa og Gran grense

– Riksveg 4 mellom Roa og Gran grense må være ei effektiv og sikker hovudåre for dei som bur her, for reisande, og ikkje minst for næringstransporten, som skal nå videre ut i Europa med sine varer. I dag opnar vi fire kilometer ny motorveg, sa samferdselminister Jon-Ivar Nygård i sin tale.

Prosjektet er ein del av Rv.4 Roa-Lygna, etappe 2. Etappe 1 forbi Gran vart opna i 2017. Det er no bygd fire kilometer ny og trygg motorveg med midtrekkverk.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård opnar Rv.4 Roa-Gran grense
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård kuttar snora for Rv.4 Roa- Gran grense. Foto: Kristin Bentdal Larsen.

– Det har lenge vore utbygging av ny rv.4 på vestsida av Mjøsa til Oslo. Vi gjer dette for å sikre betre framkomme, trafikksikkerheit og miljø for dei som bur langs vegen. Utbygginga har komme langt, og med dagens opning av Roa – Gran grense er det berre strekninga på Almenningsdelet – Lygnebakken som står att, seier Nygård.

Statens vegvesen har vore byggherre for delprosjektet, medan Hæhre & Isachsen ANS har vore hovudentreprenør. Prosjektet hadde ein kostnad på om lag 2,5 milliardar kroner, og det har i alt vore 75 underleverandørar involvert i prosjektet.

Den totale kostnaden for prosjektet er rekna til om lag 4,3 milliardar kroner, og vil til saman gje 26 kilometer ny veg på Hadeland.