Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for vågekval-fangsten i 2011.

Kvoten er den same som for 2010. Det vil i 2011 vere fri fangst i alle fangstområda, bortsett frå i havområda ved Svalbard, der delkvoten er sett til 65 dyr.

Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) legg til grunn skal gi fullgod sikkerheit for berekraftig fangst av vågekvalbestanden.

Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99