− Klokt vegval på Vestlandet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er glad for at dei tre styra til Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen no har gått inn for å slå seg saman.

− Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fusjonsavtalen legg vekt på at master- og doktorgradsutdanningane skal vere ein meirverdi for regionane. Dette vil vere eit heilt sentralt oppdrag for ein ny høgskule.

− Dette er ein milepæl for Vestlandet. Med denne fusjonen, får vi eit enda meir solid institusjonslandskap på Vestlandet og i Noreg, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa støttar ambisjonen til den nye høgskulen om å bli eit universitet med eit særleg ansvar for profesjonsutdanningane.

− Eg er også glad for at ein ny høgskule på Vestlandet allereie frå starten synleggjer eigenart ved at skulen vil ta eit særskilt ansvar ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsministeren.

I 2016 har tolv utdanningsinstitusjonar gått saman i tre store universitet og ein høgskule.

− Den nye fusjonen vil gjera dei vestlandske fagmiljøa betre rusta i kampen om og for studentane, og eg ønsker dei lukke til i dette viktige arbeidet, avsluttar Røe Isaksen.

FAKTA:

Her er institusjonane som alt er slått saman

  • Nord universitet (Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna)
  • UiT - Norges arktiske universitet (Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet, Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad)
  • NTNU (NTNU, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund)
  • Høgskolen i Sørøst-Norge (Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Buskerud og Vestfold)